søndag 7. juni 2015

KM - dag 2

Ein travel seinsommardag er tilbakelagt - hausten står for døra. Det blei lite Fana Stadion for underteikna i dag. Det blei tur til Ulriken og til Søvikbanen i staden. Schizofrene meg heia der på Søreide mot Gneist. Det blei klar siger, 5-1...

HER burde det ha vore eit bilete av Andreas Haara Bakketun - men det har eg ikkje vore kar om å stela. Dersom listene er rette, så presterte Andreas 27,02 på 200 meter hekk under KMs 2. dag. Det er i så fall ei av dei beste tidene i G14 gjennom alle tider - og det i solid motvind! I Gneist er det klubbrekord i årsklassen med over sekundet.



I staden får me "nøya" oss med Jens Larsen Åstveit, som har vakse mykje dei siste åra. Så vaksen er han blitt at han lørdag blei kretsmester i senior på grom-distansen 800 meter. Det blei han framfor tre andre frå Gneist, så dette var ein god distanse.

Samla oversikt over KM-gull til Gneist dag 2:

- Nora Helene Kjerland Kristensen, J13 (600m)
- Andreas Haara Bakketun, G14 (200m hekk)
- Herman Ellingsen, G13 (600m)
- Pål Haugen Lillefosse, G14 (stav)
- Jens Larsen Åstveit, MS (800m)

Etter to dagar er såleis fasiten 11 gull - vil eg meina...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar