tirsdag 23. juni 2015

Omsider, omsider

Dette skal ikkje handla om sider, men omsider kom resultata frå Hardanger - frå Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm no i helga.

Nokre meldingar hadde jo tikka inn til oss frå den vene bygda mellom fjell og fjord, men du verda, her var mykje meir spennande også.



Topp-nyhendet er alt annonsert: Henrik Irgens Gravdal sin nye pers på 1500 meter: 3:57,62. Dermed er Henrik kvalifisert til ungdoms-VM i Colombia på to distansar! Men, ikkje nok med det: Med dette løpet sletta Henrik Sigve Stenersen sin 28 år gamle klubbrekord i G17 (3:58,09).

På 1500 meter persa elles Jens Larsen Åstveit til sterke 4:00,40, nesten to sekund ned frå løpet på Jessheim tidlegare i juni. 3-talet er veldig nært også for Jens no, med andre ord. Og Erlend Gjerdevik Sørtveit hadde sin pers på distansen frå Stjørdal i fjor haust. No blei persen i staden hordalandsk for vår utsende medarbeidar i det trønderske: Den blei senka frå 4:04,58 til 4:01,29. Det kan bli ein heil bukett med utøvarar som er i 3-klubben på 1500 meter når sesongen er over.

Litt meir mellomdistanse i same slengen. Her blir det eit manuelt hjørne, sidan det var stoppeklokkene som rådde grunnen lørdagen i Strandebarm. Men likevel: Anders Bjørndal pressa persen sin ned med åtte tidelar frå Tyrvinglekene sist helg - til 1:56,3. Og målet om hovud-NM nærmar seg. 16 år gamle Kristoffer Blücher kvalifiserte seg til det europeiske ungdoms-OL med sitt 800 meter-løp på 1:56,9 - og alt nemnde Jens Larsen Åstveit kom seg ned på 1:57,9 på 800 meter, ned seks tidelar frå Framolekene. Thomas Blücher pynta også på sin 800-pers, sett så seint som under Tyrvinglekene, frå 2:10,42 til 2:10,1.

Håvard Rinde betra eigen klubbrekord i spyd i G14 frå 43,54 til 45,13. Og jammen klarte ikkje to 12 år gamle jenter å tangera ein 37 år gammal (!) klubbrekord i J12 på 100 meter! Marianne Sæverås sprang på 13,5 i 1978. Og det samme gjorde Emma A. Voldsund og Hilda-Lovise Riisnes Riise den manuelle lørdagen i Hardanger.

Så, til sist, ein serie svært hyggelege persar for Torbjørn Knag: På 100 meter blei det 13,3, pers med 1,2 sekund frå Strandebarm for eitt år sidan. På 200 meter blei også persen senka monaleg, her med 1,3 sekund, frå 29,31 til 28,04, medan 800-persen blei betra med over 4 sekund - til 2;37,4!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar