lørdag 13. juni 2015

Rekord-nytt frå Tyrvinglekene - dag 2

Først av alt i dag: Sjølvskryt skal ein lytta til, for det kjem frå hjartet: I dag var det langtur: Først 1,5 km frå Bygdøy Allé til Majorstua. Så ein kvil på Sognsvann-banen opp til endestoppet, før sjølve langturen tok til: Sognsvan - Ullevålseter - Frognerseter - Midtstuen. Godt med stigning, flott trasé. Me var flinke - både eldstemann og eg.

Så, over til Nadderud Stadion:

Pål Haugen Lillefosse fossar vidare i stavsprang, men det var på 60 meter den nybakte 14-åringen imponerte aller mest lørdag: Han sprang på råsterke 7,36, Det er pers med ni hundredelar - og ny klubbrekord. Pål hadde tidlegare denne saman med Andreas Haara Bakketun, på 7.45. Andreas sjølv sprang ein fantom-200 meter hekk på 26,50, dessverre med for mykje medvind (+2,7).



På kveldens 800 meter gjorde den evige nabo, Anders Bjørndal, sitt beste løp for sesongen og kom i mål på 1:57,15. Det er pers med sju hundredelar - pers-er-pers. Den gamle var frå 29. juni i fjor - i Gøteborg. Og nettopp Gøteborg er neste stoppestad for Bjørndal-ekspressen denne sommaren.

Thomas Blücher (G15) persa fredagskvelden på 2000 meter - og persa igjen på 800 meter lørdag. Med 2:10,42 blei utepersen flytta nøyaktig halvtanna sekund frå Stordleikane i fjor. Inne hadde Thomas 2:11,15  - frå inne-UM.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar