fredag 12. juni 2015

Rekord-nytt frå Tyrvinglekene - dag 1

Nei, sommaren lever. Å gå ut av flyet på Gardermoen, etter ein tur frå haustlege Bergen, var som å gjera det i Syden vinterstid. Varmen slo imot ein. Eg skal ikkje seia at dette fortente me, men dette fortente me.

Så til Rekord-magazinet frå Tyrvinglekene:

Først: Pål Haugen Lillefosse sitt fantastiske 200 meter-løp, godt under gjeldande norsk aldersrekord i G14, men dessverre med littegrann for mykje medvind (+2,3). 22,89 var den smått sensasjonelle tida. Og Andreas Haara Bakketun følgde opp med sterke 23,32.



Så har eg Henrik Irgens Gravdal rett i nærleiken, her på Oslos beste vestkant - så eg får sjå til å få tak i eit meir oppdatert bilete av han. Men ok, fredag kveld presterte Henrik å senka 3000-persen sin med heile 12 sekund frå Elitestemnet på Hamar for tre veker sidan. Ny bestetid er sterke 8:34,11 - som også er nesten ti sekund under kravet til U18-VM i Colombia i juli!

... Så må eg få legga til at eg synest det er symbolsk kjekt på ein slik aften at me camperer eit halvlangt stigningsløp frå Torstein Erichsens barndomsheim... Torstein er byggjaren av grunnmuren til Henrik - og til fleire, til dømes nestemann:

Andreas Iden, som var eit lite hakk betre enn Henrik på Hamar, følgde opp med å senka persen sin med nesten seks sekund på 3000 - til 8:36,33. Det smakar av fugl.

Så har me Erlend Gjerdevik Sørtveit på heimlån frå det trønderske - og han fekk ny pers med solid margin han også. Ny bestetid er 8:46,41.

I G15 spring dei 2000 meter som lengste distanse og her var Thomas Blücher Gneist-representanten. Thomas, som er ein av mange med trøblete skadehistorie i det seinaste, kom seg i mål til ny pers: 6:24,70. Den gamle var på 6:26,28 - frå årets Karabinlekene.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar