Amund Høie Sjursen (blir 19 i
januar) har vore eit talent sidan han starta med friidrett, men det verkelege
gjennombrotet kom likevel våren 2013, då han persa på nytt og på nytt på 100
meter. Lenge var han uheldig med vindforholda, men til sist klarte han også
kravet til U18-VM i Donetsk, Ukraina, og fekk sitt første internasjonale
oppdrag. Derifrå har pila berre halde fram med å peika oppover.
I 2014 blei det først landslagsdeltaking
på seniornivå i Europacupen for landslag, før Amund var deltakar i U20-VM i
Eugene, USA, der han hoppa lengde og var med på det norske laget som blei nr.
11 på 4 x 100 meter stafett – og som samtidig sette ny norsk juniorrekord.
Amund har vore uheldig med
skadar opp mot ein del nasjonale mesterskap, men har likevel fått med seg:
* Jr, Nordisk: 1 gull, 2 sølv
* Junior-NM: 2 gull, 1 bronse
* UM: 3 gull, 2 sølv, 1
bronse
* inne-UM: 1 gull, 3 sølv, 2
bronse
Amund har halde fram med å
flytta persar og rekordar. I 2014 kom tida heilt ned på 10,45 på 100 meter, som
er ny norsk aldersrekord for 18-åringar og tett på den norske juniorrekorden.
Det er sterkt i ei øving der det er tett mellom dei beste og der svært mange
har delteke gjennom åra. Medan det var 100 meter som blei kvalifiseringsøvinga
til ungdoms-VM i 2013, så var det lengde som var øvinga til junior-VM i 2014
(og til europacupen for seniorar). Persen er no på 7,60, sett under
Världsungdomsspelen i Göteborg i sommar.
På 200 meter er tida flytta
ned til sterke 21,82, trass i at Amund har sprunge svært få løp på distansen.
Også i høgde er det blitt svært akseptable 2,02.
Persar
60 meter
|
7,08 (Fana, 31. mai 2014)
|
60 meter (i)
|
6,99 (Haukås, 19. januar
2014)
|
80 meter
|
9,76 (Fana, 29. april
2012)
|
100 meter
|
10,45 (Lisleby, 8. august
2014)
|
200 meter
|
21,82 (Fana, 2. august
2014)
|
Høgde
|
2,02 (Fana, 31. mai 2014)
|
Høgde
(i)
|
1,98 (Bærum, 8. mars 2014)
|
Høgde
u.t.
|
1,40 (Ytrebygda, 21. mars
2014)
|
Lengde
|
7,60 (Gøteborg, 28. juni
2014)
|
Lengde
(i)
|
7,46 (Bærum, 9. mars 2014)
|
Lengde
u.t.
|
2,80 (Ytrebygda, 21. mars
2014)
|
Tresteg
|
12,88 (Fana, 28. april
2012)
|
Spyd (800)
|
36,81 (Fana, 30. september
2014)
|
Medaljefangst i mesterskap (nasjonale+)
NORDISK
GULL, 4 x 100m, jr-nordisk, 2014
SØLV, lengde, jr-nordisk, 2014
SØLV, 100 meter, jr-nordisk, 2014
NM
GULL, lengde, junior-NM, 2014
GULL, 100 meter, junior-NM, 2014
BRONSE, 4 x 100m, jr-NM, 2013
UM
GULL, høgde, UM, 2013
GULL, lengde, UM, 2013
GULL, 100 meter, UM, 2014
SØLV, 100 meter, UM, 2013
SØLV, lengde, UM, 2014
BRONSE, lengde, UM, 2012
GULL, 60 meter, inne-UM, 2014
SØLV, lengde, inne-UM, 2012
SØLV, lengde, inne-UM, 2014
SØLV, høgde, inne-UM, 2014
BRONSE, lengde, inne-UM, 2013
BRONSE, 60 meter, inne-UM, 2013
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar