tirsdag 2. desember 2014

Strålande innestart

Dei som har levd ei stund vil kan henda minnast at det aller første blogg-innlegget her, for altså fire år sidan i dag, handla om innomhus stavhopp.

Det skal det handla om her også - pluss tresteg utan fart, som det også er blitt tradisjon for omtrent på denne tida i Gneist-regi.

I Leikvanghallen i helga hoppa Pål Haugen Lillefosse (G14) 4,07 i stav. Det er rekord over heile fjøla, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Pål er knapt 13 1/2 år. Han kan ikkje setja senior-rekordar før han er i 15 års-sesongen sin (altså om eitt år), men 4,07 er 17 centimeter betre enn senior-klubbrekorden i Gneist innandørs. Det seier seg sjølv at dette er klubbrekord i G14... Den gamle var det nettopp senior-rekordhaldar Kristian Haga som hadde, sett i 1986. Pål hoppa også 7,45 i tresteg utan fart, som er ny klubbrekord i G14. Sondre Rinde hadde den gamle, på 7 meter beint, sett i 2012.

Sanne Myrmel (J16) sette ny innepers i stav med 2,80. Den gamle var på 2,72, sett i same hallen i februar i år. Sanne har 2,86 som utandørs pers. Så vidt eg veit debuterte Sanne i tresteg utan fart søndag. Det enda med 6,82, som er ny klubbrekord i J16. Der hadde Marianne Benserud 6,77 frå 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar