mandag 8. desember 2014

Is the Sky the Limit?

Som sagt; absolutt brukande graut fredagskvelden. Men at den skulle vera så god at den åleine skulle føra til segnomsuste stavresultat alt lørdagen, nei, det ville eg nok ikkje trudd.

Men Pål Haugen Lillefosse har ikkje tenkt å gi seg med rekordjaget i stavsprang med det første. Kvar gong eg ser Pål no, så får eg slike gospel-refreng i hovudet - slike med "higher and higher" og slikt, og naturlegvis lurer Bruce sin versjon av "Jacob's Ladder" der også.

4,31, folkens! Og då hadde me nett skrytt av 4,07. 4,31 er sjukt bra. Tidenes høgaste av ein 13-åring i heile Europa - og då følgjer det naturlegvis at det er rekord under det igjen over heile fjøla.

Noko i skuggen av Pål nærmar Sanne Myrmel seg 3-meteren. Ho kom seg over 2,91 lørdag. Ny pers igjen var det. Sanne hoppa 2,80 sist stemne for ei veke sidan, som då var innepers, medan ho har 2,86 utandørs frå i vår.

Og så noterer me også ny pers på evigunge Ole Viken, med sine 3,08.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar