mandag 8. desember 2014

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2014

For 5. året på rad blei utmerkinga "Årets mest framgangsrike" delt ut på Gneist sin grautfest fredag.

Det ligg visse statuttar til grunn for utdelinga: Dette gjeld utøvarar som har utvikla seg i sjiktet av dei som ikkje er medlemmer i 1000 poengs-klubben. Så ser ein på utviklinga i tyrvingpoeng i dei ulike øvingsgreinene, samanlikna med året før. Då kjem ein årvisst fram til ei rekkje verdige kandidatar.

Ein må vera 11 år for å kunna oppnå prisen. Det er som 10-åring ein første gongen kan plukka tyrvingpoeng, dermed er det som 11-åring ein første gongen kan samanlikna med eit år tidlegare.

Og det var ein 11-åring, Lea Låstad, som blei vinnar på jentesida for 2014.

* Lea har forbetra seg for 7,83 til 7,30 på 40 meter
* ... frå 10,79 til 10,25 på 60 meter
* ... frå 14,54 til 13,77 på 80 meter
* ... frå 2,97 til 3,45 i lengde

Gratulerer med ein flott sesong til Lea!

Desse har vunne prisen for jenter sidan 2010:

2010: Vilde Omholt
2011: Silje Stenersen
2012: Pia Hovland
2013: Sara Tyssebotn Berg
2014: Lea Låstad

For gutane stakk Henrik Almenningen (G17) av med prisen som "Årets mest framgangsrike".

Her er utvalde forbetringar for Henrik frå 16 års- til 17 års-sesongen:

* Frå 12,67 til 12,18 på 100 meter
* Frå 5,86 til 6,29 i lengde
* Frå 12,68 til 13,60 i tresteg

Og det er ikkje minst i tresteg Henrik har vakse seg til nye høgder, for ikkje å seia lengder.

Gratulerer med ein flott sesong til Henrik!

Og desse har vunne prisen for gutar sidan 2010:

2010: Stian Norheim
2011: Eirik Leikvoll
2012: Emil Engelsen Holm
2013: Jens Larsen Åstveit
2014: Henrik Almenningen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar