tirsdag 30. desember 2014

Årskavalkade 2014


Sidan starten mot slutten av 2010 har eg vel berre hatt éin årskavalkade på Bloggen - eller; ein slags årskavalkade. I år har liksom behovet meldt seg på ein litt annan måte, sidan Bloggen kvilte seg frå mai til september. Å kvila seg frå mai til september når ein driv med friidrett er - for å seia det mildt - noko spesielt.

Difor blir det ein kavalkade dette året.

Vel, éin grunn til: Bloggaren blir av og til trøtt, men no er det 2014-årets lokale komet, Anna Serine, som har trøtthetsbrot, og korleis 2015-sesongen blir, det er me usikre på, både utøvar, trenar og hovudsponsor. Men til trøyst og oppmuntring er eit tilbakeblikk på 2014-sesongen ikkje av vegen.

Nedanfor har ho lagt opptil fleire bak seg i heatet sitt på 3000 meter hinder på Hayward Field i Eugene, Oregon, under U20-VM. (Foto: Geir Sjursen.)



* I januar gav Amund Høie Sjursen eit første prov på kva sesongen ville bringa, då han braut 7 blank-grensa på 60 meter i Leikvanghallen, under Nornalekene: 6,99.

* I februar vann Marianne Benserud sitt 4. strake junior-NM- gull i stille høgde.

* I mars var det mange sterke resultat under inne-UM i Bærum.

* I april blei det UM-bronsar i terrengløp på Stord for Linn Seliussen (J15) og Anna Serine (J17).

* I mai blei det ny rekord i 4 etappars-løypa under Ask-stafetten, for Renate Lie, Martine Eikemo Borge, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud.

Martine sprang på 1:31,02 på 600 meter under Opningsstemnet på Fana Stadion.

I Holmenkollstafetten blei det 5. plass for kvinnelaget og 9. plass for mennene.

Amund hoppa 7,58 i lengde og kvalifiserte seg for U20-VM. Seinare sette han aldersrekord på 100 meter for 18-åringar med 10,61 (som så blei forbetra til 10,45).

Anna Serine vann først bestemannspremien under Mailekene i Haugesund (for sin 1500 meter), før ho fire dagar seinare persa med 53 sekund og kvalifiserte seg til U20-VM på 3000 meter hinder under Framolekene.

Det blei sølv på 4 x 400 meter for kvinnelaget under NM i banestafettar i Grimstad.

* I månadsskiftet mai/juni blei det NM-gull i U23-klassen i motbakkeløp for Stian Øvergaard Aarvik.

* I juni var Amund deltakar på seniorlandslaget under Europacupen for landslag i Tallinn, Estland. Han blei nr. 6 i lengde og var med på laget på 4 x 100 meter, som blei nr. 3. Landslaget rykka opp til Superligaen i 2015.

Nærmare 100 ungar var med på Idrettsleker på Fana Stadion.

* I juli vann både Kristoffer Blücher, Amund, Monika og Anna Serine øvingar under Världsungdomsspelen i Gøteborg.

Martine sette ny klubbrekord i BFG på 800 meter, med 2:05,04. Den gamle var frå 1997.

Amund og Anna Serine deltok i U20-VM i Eugene. Anna Serine persa på 3000 meter hinder, medan Amund var med og tok ein 11. plass og sette ny norsk juniorrekord på 4 x 100 meter.

Espen Roll Karlsen kom seg under 4 blank-grensa på 1500 meter: 3:58,21.

* I august blei det to NM-gull for juniorar til Amund.

3 Gneist-utøvarar blei uttekne til Nordisk meisterskap: Monika, Amund og Anna Serine. Amund fekk med seg eitt gull og to sølv.

Stian tok 3. plassen i Motbakkecupen samanlagt.

* I september blei Gneist nest-beste klubben under UM i Haugesund.
 Stian tok ein sterk 5. plass i U23-klassen under VM i motbakkeløp i Italia.

* I oktober blei Ingvild Myking (J15) ungdomsmester i terrengløp på Stend. Det blei sølv til Henrik Irgens Gravdal (G16) og Jens Larsen Åstveit (G17).


Godt nytt år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar