onsdag 3. desember 2014

Samarbeid

Samarbeid er så mangt. Store aktørar kan samarbeida med kvarandre, slik at dei til saman blir endå større. Små aktørar kan søka den trygge famnen til større, for å sikra seg og sitt.

Det siste er modellen i friidretten: Små klubbar søker samarbeid med større, for å sikra sitt og sine - ikkje minst for å sikra junior- og seniorutøvarar gode vilkår. Barneidretten klarer små klubbar til vanleg fint sjølve.

Det andre typiske trekket er at samarbeid ikkje inneber etablering av heilt nye klubbar. Som sagt; ein søker seg til alt etablerte klubbar, trygge klubbar med solid forankring på så ulike vis.

Så finst det eit par døme frå friidretshistoria på at det har blitt etablert eigne, nye klubbar for å ta seg av samarbeid mellom alt eksisterande klubbar. Desse ny-etableringane har stort sett forsvunne ut av historia etter relativt kort tid. BFG Bergen, opphavleg BFG Fana, er mellom dei klubbane av ein slik type som har eksistert desidert lengst; det vil vera 28 år sidan klubben blei stifta i januar 2015.

Men når klubbane som "fann på" BFG - Bjarg, Fana og Gneist - frå 1. januar 2015 alle er ute av samarbeidet, så er det altså langt frå unikt. Snarare tvert om.

På lista over samarbeidande klubbar i 2014 finst det ein god del halvstore, som har fått besøk av nokre mindre klubbar. Så finst det to spesielt store klubbar - Gular frå Bergen og Tjalve frå Oslo - som er velrenommerte norske friidrettsklubbar, og som har samarbeid med opptil fleire klubbar i sine respektive område. Hovding og Bergens Turnforening er samarbeidspartar over lang tid med Gular, Lambertseter og Koll er klubbar under Tjalve sine venger.

Til saman 29 klubbar står på NFIF si liste over klubbar som i 2014 har søkt samarbeid under ein annan, større klubb. Av desse skil Idrettslaget Gneist seg ut som ein unaturleg stor klubb til å søka samarbeid under ein større paraply. Det er mange måtar å måla størrelse på klubbar. Ein enkel måte er kor mange resultat klubbar har i statistikken utandørs i 2014, i alderen 11 til og med 19 år. Både Hovding, Koll og Bergens Turnforening kjem etter måten høgt på lista, men alle desse har spesielt store kull og spesielt mange resultat i dei heilt yngste årsklassane. Gneist skil seg ut med resultat i absolutt alle årsklassar, for jenter og gutar.

Det er høgst naturleg at Gneist trer ut av eit underordna samarbeid, for å kalla det for det, og i staden tar styringa og inviterer mindre klubbar i nærområdet til samarbeid med seg. Eit samarbeid i ein annan, fjerde klubb mellom klubbar som har høvesvis 429, 40 og 2 resultat i den aktuelle aldersgruppa er pr. definisjon skeivt og "urettvist", i den forstand at det er den store klubben som må og skal ta det store ansvaret - den er jo klart størst.

Så vil tida visa om ein med eit slikt grep får gjort noko med det veldige spriket mellom Gneist som ein av landet største og beste barne- og ungdomsklubbar og den svært smålåtne posisjonen BFG har på junior- og seniornivå.

Her er lista over klubbar som i 2014 har søkt samarbeid med andre, større klubbar ("paraplyklubbar", "overbygningsklubbar"), målt etter tal på resultat i landsstatistikkane utandørs dette året (i parentes den - til vanleg større - klubben ein har søkt samarbeid med):

(Eg garanterer på ingen måte tala. Dei illustrerer likevel skilnaden mellom små, mellomstore og store klubbar.)

1. Gneist 429 (BFG Bergen)
2. Hovding 279 (Gular)
3. Koll 277 (Tjalve)
4. Bergens Turnforening 191 (Gular)
5. Bremnes 162 (Stord)
6. Lambertseter  149 (Tjalve)
7. Overhalla 129 (Namsen)
8. Sola 127 (Skjalg)
9. Hyen 89 (Gloppen)
10. Sandane 72 (Gloppen)
11. Strandebarm 71 (Gular)
12. Nesodden 66 (BUL)
13. Breimsbygda 59 (Gloppen)
14. Selbu 57 (Selsbakk)
15. Børsa 51 (Selsbakk)
16. Brodd 47 (Gloppen)
17. Bjarg 40 (BFG Bergen)
18. Fjellhug/Vereide 35 (Gloppen)
19. Loddefjord 30 (Norna-Salhus)
20. Straumsnes 29 (Tingvoll)
21. Beitstad 21 (Steinkjer)
22. Sørum 9 (Ullensaker/Kisa)
23. Hurdal 3 (Ullensaker/Kisa)
24. Kalandseid 2 (BFG Bergen)
25. Heming 1 (Tjalve)
26. Korlevoll-Odda 0 (Gular)
26. Triumf 0 (Tingvoll FIK)
26. Tingvoll IL 0 Tingvoll FIK)
26. Eidsvold Turn 0 (Ullensaker/Kisa)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar