lørdag 27. desember 2014

Adelskalender, Gneist: 1500 meter menn

Jaja, tidene dei endrar seg, som han song Bob Dylan. Sist vinter var det Adelskalender for BFG som var pausefyllet på bloggen. Denne vinteren blir det tilsvarande adelskalender for senior - utomhus - for Gneist i staden.

Me startar med 1500 meter for menn.

Eg håpar på drahjelp frå dei som har levd ei stund, for å få dette så rett som muleg etter kvart. På 1500 meter for menn er alle tidene på mi liste frå før BFG-tida. Det er rett og slett ei stund sidan sist ein Gneist-ar sprang fort på 1500 meter - altså under 4 blank.

Klubbrekord-innehavaren er kvinnheringen Hans Jakob Berge, som på fleire andre distansar. Tida er 3:52,9, sett på Bislett i juli 1979, medan Rune Hovlandsdal er nr. 2 på lista, med 3:53,89 frå sommaren 1987. Då skulle Rune eigentleg vore BFG-ar, men han vegra seg og stilte i Gneist-drakt også etter januar 1987.

Her er lista:

1. Hans Jakob Berge 3:52,9 (1979)
2. Rune Hovlandsdal 3:53,89 (1987)
3. Øyvind Liland 3:54,20 (1983)
4. Carl Eirik Michelsen 3:54,74 (1984)
5. Terje Sejrup 3:55,75 (1981)
6. Petter Kleppe 3:56,0 (1980)
7. Sigve Stenersen 3:58,09 (1987)
8. Rodgeir Vigestad 3:58,2 (1982)
9. Øyvind Ytrehus 3:58,6 (1982)

Det bør absolutt vera eit mål for opptil fleire i Gneist-drakt å slå seg inn på denne lista i 2015-sesongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar