tirsdag 2. desember 2014

4 år

2. desember 2010 tok eg til å krota ned dei første linjene i denne bloggens liv. Då var eg styremedlem i friidrettsgruppa i Idrettslaget Gneist, i tillegg til at eg dreiv manuell statistikkføring for Norges Friidrettsforbund - temmeleg mange timeverk i løpet av eit år.

Men begynnelsen av desember er ei roleg tid. Denne rolegare tida nytta eg så til å etablera ein blogg, som har levd sitt liv i det lokale miljøet, i kompaniskap med andre informasjonskanalar. Det er ingen hemmeleghet at oppstarten også kom av at dei gode, gamle nettsidene til friidrettsgruppa i Gneist då var ein saga blott - og erstatta av mindre gode og sentralt styrte sider. Dei gamle sidene romma alt frå smått og stort, frå det høgtidlege til det uhøgtidlege, frå dei store nyhetene til den vesle, praktiske informasjonen. Då dei gamle nettsidene forsvann var det rett og slett eit tomrom som kunne fyllast - mellom anna av denne bloggen.

Det er produsert over 1000 blogg-innlegg i desse fire åra (dette er nr. 1037). Eit par korte og ein lengre pause er det også blitt, den siste i inneverande år.

No står friidretten i miljøet rundt Fana Stadion på ny oppe i store val og omstillingar. Men det skjer i ei tid der barne- og ungdomsfriidretten i området står veldig sterkt.

Det blir no ein pause frå utøvarportretta. Ja da, det er opptil fleire som manglar, men dei er ikkje gløymte!

I staden blir det, etter kvart, den årvisse gjennomgangen av serielaga til Gneist, der gutane knuste all motstand (også) i år, medan jentene var i ein ny uhyre jamn batalje med Norna-Salhus og Bergens Turnforening og der Norna blei sterkast dette året, med Gneist like bak.

Til så lenge blir det feiring med ei pepperkake til kaffien i ettermiddag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar