torsdag 4. desember 2014

Lagserien: Jentene sitt 4. lag: nr. 5 i 2. divisjon

Denne mini-serien med presentasjon av Gneist sine lag i lagserien i Hordaland for jenter og gutar startar med tradisjonsrike sitering av eige blogginnlegg frå tidlegare års oppstart av denne presentasjonen:

Friidrett er - med eit par-tre småunntak - ein individuell idrett. Når så sesongen er slutt gjer ein den likevel om med eit lagfokus. Me snakkar i denne samaheng om Hordaland Friidrettskrets. For 10- 19 år skjer dette slik:

Dei beste resultata etter Tyrvingtabellen for kvar enkelt utøvar gjeld. Det vil altså seia at ein utøvar berre kan ha eitt resultat med i ei enkeltøving, men kan vera representert med ei rekkje ulike øvingar.

Kvar klubb kan melda på fleire lag i serien. Dei individuelle resultata blir omgjort til del av eit lag. Ein har på førehand bestemt kor mange resultat som tel i kvar øvingsgrein (løp/hekk/hopp/kast) i kvar divisjon. Dei enkelte laga har si plassering i divisjonar basert på fjorårsresultat.

Fristen for innsending av serieresultat er 20. oktober. Så tar det ein del veker deretter før resultata blir offentlegjort.

Elitedivisjonen har åtte lag, 1. til 4. divisjon har ti lag. (Resten, under der, er i 5. divisjon.)


Jo meir eg har sett meg inn i dette, jo viktigare tenker eg at lagserien er: Vel, først må det seiast at eg er ingen tilhengar av krampaktig samling av poeng mot slutten av ein sesong - her får ein telja saman den reelle innsatsen undervegs. Men det å gjera den til vanleg høgst individuelle friidretten om til lag og til fellesskap har svært mange positive sider ved seg.

Gneist har 8 lag - 4 for kvart kjønn.

Jentene sitt 4. lag har klart det kunststykket å hamna på 5. plass i 2. divisjon dei tre siste åra etter kvarandre, så der har me dei.

I 2. divisjon for jenter tel 30 noteringar totalt; 12 løp/gang, 2 hekkeløp, 10 hopp og 6 kast.

Det er kjekt å sjå opptil fleire heilt nye namn på listene. Følgjande Gneist-utøvarar plukka poeng for 4. laget i 2014:

* Kaya Knutsdotter Balgobin
* Marianne Benserud
* Sofie Ellingsen
* Stine Eriksen
* Yvonne Eriksen
* Una Haukanes
* Charlotte Harris
* Emilie Hestad
* Marte Håland
* Nora Helene Kjerland Kristensen
* Line Ludvigsen
* Pernille Michelsen
* Camilla Myrdal
* Maren Kathinka Myrmel
* Jenny Rajkumar
* Hilda-Lovise Riisnes Riise
* Ada Ringheim
* Linn Seliussen
* Marie Seliussen
* Camilla Sunnseth
* Emma Dahl Sørbo
* Kaia Lind Aasen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar