søndag 28. desember 2014

Romjulsstemnet (1. bolken)

Dei første uoffisielle resultata frå det årvisse og etter kvart tradisjonsrike Romjulsstemnet i Leikvanghallen har tikka inn. Ein får bera over med eventuelle feil i første runde. Dei vil eventuelt bli retta opp ved første høve.

Amund Høie Sjursen var ein mellom fleire som var etter måten travel denne romjulssøndagen. Men han fekk i alle fall med seg opptil fleire klubbrekordar på sine to løp: På 60 meter blei det 6,93. Det er fem hundredelar bak hans eigen klubbrekord innomhus i Gneist, men det er over fire tidelar raskare enn klubbrekorden for 19-åringar (Jonathan Hauglands 7,37 frå 2005). På 200 meter debuterte Amund, så vidt eg veit, innandørs. Det gjorde han på 22,06, som er nøyaktig sekundet raskare enn Espen Liland sin gamle klubbrekord inne, frå 2007. (Amund har elles 21,82 frå august i år, ute.)

Aller travlast var Anders Bjørndal, med heile tre løp på etter måten kort tid. Resultatet blei tre solide innepersar! På 60-meteren var den gamle innepersen sett under UM på Ranheim i mars 2011, så at den blei knust med 98/100 er ikkje så løye. Ny bestetid er 7,60. På 400 meter debuterte Anders inne, med høgst respektable 52,28 - berre fem hundredelar bak utepersen, frå UM i Haugesund. Og på 800 meter sprang naboen i nr. 8 på 2;07,59, nesten tre sekund betre enn gamlepersen inne, sett under UM i Sandnes i mars 2012.

Ny klubbrekord i Gneist blei det også på Henrik Irgens Gravdal, som sprang i mål på 4:09,95 på 1500 meter. Det er fire tidelar under Stian Øvergaard Aarviks gamle innerekord. Det er også hyggeleg å sjå at Henrik er i gang så tidleg på sesongen denne gongen, etter alternative øvingar det aller meste av innesesongen i fjor. Den gamle innepersen til Henrik - 4:12,44 - var då også frå UM i Steinkjer i 2013.

Henrik Almenningen var hundredelen bak innepersen på 60 meter (7,75), men han forbetra seg solid på 200 meter, til 24,26 (gamlepersen var på 24,68 frå UM i Bærum i år).

Jakob Jamt Ånonli debuterte innomhus på 60 meter med 7,90. Det er like så godt også fire hundrelar under utepersen, frå midtsommars i år.

Innepers blei det på Vegard Albrigtsen på 800 meter. Hans tid blei 2:05,81, medan gamlepersen var på 2,07,13 frå årets UM.

Kristoffer Blücher sesongdebuterte med 7,40 (har 7,32 frå tidlegare) på 60 meter og 23,94 på 200 meter (har 23,47 frå inne-UM i år).

Steffen Algrøy Boga sprang inn til 2:11,32 på 800 meter, sekundet bak innepersen frå Nornalekene i 2014.

Innepers blei det derimot på Stian Norheim på 1500 meter. Der sprang han på 4:20,37, to og eit halvt sekund under tida frå Pingvinlekene i år. (På 800 meter blei det meir moderate 2:16,24 i sesongdebuten for Stian.)

Sondre Rinde sesongdebuterte på 60 meter med 7,73.

Gjert Høie Sjursen sprang på 7,91 på 60 meter (fem hundredelar bak innepersen, frå årets Pingvinlekene), medan han kom seg ni hundredelar under innepersen på 200 meter med 25,10 (25,19 frå Pingvinlekene i år).

Anna Evensen sesongdebuterte på 60 meter meed 8,67, hundredelen bak innepersen.

Thomas Blücher sprang sin 800 meter på 2:17,29, eit halvsekund bak innepers.

1. januar er Erlend Gjerdevik Sørtveit Strindheim-medlem, men me noterer fine 4:10,10 frå julebesøket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar