lørdag 1. februar 2014

Stang(e) ut - inne-NM dag 1

Eg har kikka litt på inne-NM frå kontorstolen - på web-tv. Det ser no ut som om dei har det gildt i gamle Stangehallen også, sjølv om web-sendinga blir avbroten av annonsar titt og ofte og sjølv om speaker-tenesta var mirakuløst dårleg.

Ablegøyer frå ein som i gamle dagar song om kor gildt det ville vera å bruka eigeprodusert surfebrett på Einangfjorden forhindra speaker-nestor Jo Nesse i å formidla noko særleg i det heile frå 1500 meter-heata. Selsomt heiter det visst på finare norsk. Og nei, dette var ikkje ein idé til å gjera friidretten meir sexy - der Tor Endresen intervjuar startfeltet i NM i terrengløp på Stend til hausten like før start. Slett ikkje.

Til idretten:

Monika Benserud hoppa 12,22 i tresteg, noko som gav ein 4. plass, to fattige centimeter frå bronsen. Monika sitt hopp under Nornalekene hadde halde til gull med grei margin. Også på 60 meter blei det løp eit tidel og vel så det bak persen frå tidlegare i vinter. Monika kvalifiserte seg til semifinale, men så stoppa det der (7,88 i forsøket og 7,91 i semifinalen).

1500 meter for menn innedebuterte Espen Roll Karlsen. Det gjorde han på tida 4:11,30 - beste 1500 meter-tida i BFG så langt i vinter - og ein 14. plass. På plassen bak kom Erlend Gjerdevik Sørtveit med 4:16,20. Det er 5,5 sekund betre enn under Romjulsstemnet for Erlend. Så då håpar me helsa er på rett veg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar