mandag 17. februar 2014

Adelskalender, BFG - 5000 meter

Det er eit idrettsarrangement borte i Russland om dagane. Det er mange "tragediar", "katastrofar" og "skandalar" der - har eg registrert. Sportsjournalistikken brukar store og dramatiske ord, temmeleg ofte. Men den største skandalen - sett med norske auge - står på programmet (det er altså ein førehandsannonsert skandale) når det skal vera 10.000 meter på skøyter for menn heilt utan norsk deltaking. Frå Ivar Ballangrud til Johann Olav Koss har Norge markert seg og dominert 10.000-meteren, ja så seint som med Lasse Sætre var det no norsk medalje å henta i øvinga. Og me har naturlegvis ikkje gløymt vene Sunnhordland sin største vinter-OL- son, Kjell Storelid, sine bravadar frå Vikingskipet i 1994.

Når Sven Kramer vinn suverent gull tirsdag, så er det ein gigantskandale at Norge ikkje stiller. Så er det sagt. Smørebommane kan ikkje måla seg.

Her skulle me gjerne ha kompensert med BFG-adelskalender for 10.000 meter, men det har me hatt før, så då blir det 5000 meter i staden. (To av skøyte-Norge sine 10.000-gigantar, Sten Stensen og Geir Karlstad, vann aldri OL-gull på mila, men gjorde det i staden på den halve distansen.)


For kvinner er det Stine Larsen som - klubbrekord-haldar som ho er - finst i toppen av lista:

1. Stine Larsen 15:46,02
2. Veslemøy Hausken 15:56,29
3. Lene Hove 15:56,44
4. Kirsten Melkevik Otterbu 16:00,51
5. Pernille Thomassen 17:28,87
6. Ragnhild Nymoen 17:32,96
7. Liv Astrid Losnegaard 17:51,20
8. Kjersti Sognnes 18:15,0

For menn er det også på denne distansen ganske mange prestasjonar frå BFG si tidlegaste historie i toppen. Aller øvst tronar Truls Nygaard:

1. Truls Nygaard 13:45,29
2. Øyvind Fretheim 13:54,08
3. Pål Corneliussen 13:55,93
4. Jan Erik Christiansen 14:19,82
5. Jon Tvedt 14:22,50
6. Kjetil Bjørlo 14:28,16
7. Kjell Erik Sælen 14:42,92
8. Anders Røssevold 14:49,20
9. Espen Kristiansen 14:57,75
10. Sigve Stenersen 15:05,80

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar