onsdag 12. februar 2014

Kjært barn

Utøvarane våre med funksjonsnedsettingar ("FU") har lagt bak seg eit nytt vellykka stemne. Ja, nei, no kan me ikkje halda fram med å kalla oss for "Utøvarane våre med funksjonsnedsettingar", men me får koma tilbake til eit omdøypt namn etter kvart.

Inntil vidare er me under paraplyen til (fri-)idretten kalla "FU". Det er ikkje enkelt for oss - men det er neimenn ikkje enkelt for idretten heller. Her er frå "informasjonen" som finst hos Norges Idrettsforbund:

Utøvere som ønsker å delta i konkurranser sanksjonert av INAS-FID4
 og IPC5 , må være klassifisert. Utøveren må tilfredsstille krav til minste funksjonshemning, og dokumentere effekt av utviklingshemning i forhold til aktuell idrett. Samme type klassifisering kreves ikke for deltakelse i konkurranser i regi av Special Olympics. 

Når det gjelder konkurranseidrett for utviklingshemmede i Norge, er det ulikt fra idrett til idrett om det kreves klassifisering. Ta kontakt med aktuelt særforbund for å høre hva som gjelder. 

Eg har prøvd å omsetja til nynorsk - men (tru det eller ei) det blei ikkje betre av det heller.

Jaja, me får ha ein intern namnekonkurranse etter kvart.

Men - til idretten!:

Då Pingvinlekene starta i 2012, var også "Gjengen" med frå første stund. Dei deltok på 60 meter og i lengde. Det var 6 utøvarar som stilte, eit par av dei sleit med å koma seg i mål (og i rett bane) på 60 meter - og berre to hoppa alle tre hoppa i lengde.

To år seinare - i 2014 - var dei 6 blitt til 18 utøvarar (ein auke på 300 %, som dei seier det i statistikken). Alle 18 var med på alt! Alle utøvarane fullførte 60 meter i rett bane.

Det blei sett 13 personlege rekordar på 60 meter.

Det blei sett 12 personlege rekordar i kule (som kom på pingvin-programmet i 2013).

Og det blei sett 12 personlege rekordar også i lengde.

60 meter-rekorden internt i gruppa er framleis på 8,58 (frå mai 2013), men i kule er den no på 10,71 (mjuk kule) og 11,51 (2kg) - og i lengde på 4,64.

Størst forbetringspotensial finst utvilsamt i lengde.

Men det er jammen bra å ha noko å arbeida vidare med :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar