torsdag 27. februar 2014

Adelskalender, BFG - 400 meter hekk

Av ein eller annan grunn hamna eg på 400 meter hekk når Adelskalenderen, BFG, no skulle rulla vidare.

Eit sentralt namn i BFG si etter måten korte historie (27 år) er Thor Gjesdal. Thor Gjesdal er i dag knytt til Oslo-klubben Koll (og Tjalve, som er for Koll slik BFG er for Gneist). Thor er framleis støttemedlem i BFG og følgjer godt med på kva som rører seg på heimlege trakter. Han er også ein viktig bidragsytar for underteikna når adelskalenderen skal gjerast så korrekt som muleg.

Og på 400 meter hekk er Thor klubbrekordhaldar, med solid margin ned til nr. 2 på mi liste. Klubbrekorden blei sett tilbake i klubbens stiftingsår - 1987. Dette er ikkje ei øving som er særleg påakta i desse dagar, men det er ikkje mange år sidan eit par av brørne Benserud var sentrale utøvarar på 400 meter hekk:

1. Thor Gjesdal 51,86
2. Marius Benserud 55,23
3. Henning Hamre 55,41
4. Morten Benserud 55,65
5. Frode Gjesdal 56,47
6. Nils Møllerup 56,84
7. Rune Haugsvær 57,80
8. Bjørn Soltvedt 58,36

Heller ikkje for kvinner finst det utøvarar som er ivrige på den lengste hekkeøvinga nett no (Martine si tid på distansen er frå 2006) - og klubbrekorden er også her gammal, tilbake frå 1990:

1. Toril Untiedt Bjørgan 62,50
2. Martine Eikemo Borge 65,11
3. Veslemøy Hausken 67,94
4. Anne Bjelland Jensen 68,09
5. Lise Hovlandsdal 68,72

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar