mandag 3. februar 2014

Adelskalender, BFG - høgde

Dette er eit slags svar etter jakta på apropos etter Marianne Benseruds fjerde strake junior-NM gull i høgde utan tilløp i helga. Utan fart-øvingane er presentert tidlegare i "adelskalender"-serien her på bloggen. Difor tyr me til det nærmaste, nemleg klassisk høgde.

Her er det i alle fall eit par ting å seia om oversikten for kvinner: Det er søster Mette Benserud som representerer den slekta på lista, og dessutan ser me med ein gong at ein av dei ferske BFG-arane av året, Nora Øvergaard Aarvik, høyrer heime mot toppen av denne lista, etter kvart som ho kjem i gang med (ute-)sesongen. Klubbrekord-haldar her er Hilde Hovlandsdal:

1. Hilde Hovlandsdal 1,73
2. Hilde Ingebrigtsen 1,60
2. Sandra Tennøy 1,60
2. Amalie Tefre Skage 1,60
5. Mette Benserud 1,59
6. Vibecke F. Havre 1,55

For menn er det litt "BFG Fana" heilt på toppen av lista. Øvst finst den nest siste idrettsansvarlige i klubben, klubbrekord-haldar Endre Raa, medan ein nær slektning til den före detta daglege leiaren er andremann på lista. Og så spratt Amund Høie Sjursen heilt opp på tredje, med si UM-høgde frå Lillehammer i fjor:

1. Endre Raa 2,14
2. Eirik Karstensen 2,00
3. Amund Høie Sjursen 1,93
4. Harald Hægland 1,90

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar