søndag 9. februar 2014

Strålande første pingvin-dag

Det starta med ein heil bråte av dei yngste og mest håpefulle, heldt fram med ein ny fantastisk konkurranse av stavtalentet Pål Haugen Lillefosse - som nesten passerte 4-meteren! - og kom i mål med ei røys med personlege og andre rekordar.

Her er ei bfgsk oppsummering av første dag av Pingvinlekene:

Først klubbrekordane:

Amund Høie Sjursen presterte ein av dei beste prestasjonane i BFG på lang tid, uansett øving - og i alle fall innomhus - då han hoppa heile 7,36 i lengde. Det er over 60 centimeter lengre enn den gamle klubbrekorden i BFG (sett i 1987 (!) av Roar Haugland, på 6,72). Amund hadde sjølv U23-rekorden frå tidlegare, med 6,54. Utepersen til Amund er på 7,06 frå i haust. Og no har Amund endå ei øving der det tar til å smaka av junior-VM- krav.

Eline Myking spurtslo namnesøster Ingvild Myking på 1500 meter, og dermed er det Eline som er ny innehavar av klubbrekorden innomhus i BFG på distansen. Tida blei innesterke 4:51,44. Den gamle rekorden var det Silje Oksholm Arnøy som sette under UM i Drammen i iskalde februar i 2010 (4:56,27). Dette var samtidig pers for Eline (utepersen er på 4:53,44 frå Veidekkelekene i fjor, medan innepersen blei sett då Eline blei ungdomsmeister på distansen i Steinkjer i mars i fjor).

Og så er Stian Øvergaard Aarvik i gang igjen, etter litt sjukdom. Denne gongen blei det 4:10,34 på 1500 meter, og dermed betra han eigen innerekord i U20 i BFG med halvtanna sekund frå Pingvinlekene i 2013.

Og elles - øving for øving:

60 meter
* Sondre Rinde sprang heilt ned på 7,56 - åtte hundredelar betre enn under Pingvinlekene i 2013.

* Henrik Irgens Gravdal persa med fem hundredelar frå løpet på Leirvik for ei veke sidan, til 7,93.

* Michelle Florr Heggeland innepersa på 8,65 - som er tre hundredelar raskare enn under Nornalekene.

* Malin Marie Rosvoll Olsen debuterte med 8,75.

200 meter
* Sondre Rinde flytta innepersen med nye 7 hundredelar frå Nornalekene - no til 24,35 (ute har Sondre 24,59)

* Henrik Almenningen sprang ein ny solid 200 meter. Tida blei 24,82 - 44/100 betre enn under Romjulsstemnet.

* Henrik Irgens Gravdal bryt stadig nye sprint-barrierar denne innesesongen. Lørdag blei det 24,99 (mot 25,16 under Nornalekene).

1500 meter
* Jens Larsen Åstveit knuste persen på distansen, då han sprang på 4:14,62. Han har 4:22,58 ute og hadde 4:23,12 inne, frå Romjulsstemnet no sist. Med dette har Jens også for første gong klart junior-NM- kravet.

* Pers blei det også på Stian Norheim, som med 4:22,86 sprang sekundet fortare enn utepersen frå Gneistspelen sist haust. Tida er heile sju sekund betre enn innepersen frå fjorårets pingvinleikar.

* Steffen Algrøy Boga sprang, så vidt eg har klart å registrera, sin første inne-1500 meter, då han kom i mål på 4:29,77. Det er like bak (16/100) persen frå ein Norna-karusell sommaren 2012.

* Vegard Albrigtsen innedebuterte på distansen på 4:34,47 (utepersen er på 4:38,96)

* Nemnde Ingvild Myking innepersa med 6 sekund frå Nornalekene for eitt år sidan, då ho lørdag ettermiddag altså måtte sjå seg spurtslegen av Eline. 4:51,68 blei Ingvild si tid (som har 4:45,87 frå Stockholm i august, ute).

* Nesten 17års-jubilant Anna Serine Røssland sprang inn på 5:08,00, som er innepers med godt og vel 6 sekund, frå løpet på 16-årsdagen under Pingvinlekene i fjor.

Stav
* Eirik Leikvoll svinga seg over 3,60, 10 centimeter høgare enn under UM i Steinkjer i fjor.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar