torsdag 30. januar 2014

Før inne-NM (V)

BFG Bergen sin 27-årsdag blei hin dagen - tirsdag - feira i det stille, det vil seia med eit "Trenarforum" på klubbhuset. Kanskje det blei pittelitt kaffi? Men ikkje så mykje meir, ikkje noko ekstravagant - for her skal så mykje som muleg av pengane (vinterkarusellkronene) gå til utøvarane!

Litt av dei går til utøvarar som no til helga skal til inne-NM på Stange. Det er blitt meg fortalt at tidlegare omtalte Martine Eikemo Borge må stå over helgas NM. Ho må koma i orden igjen til endå viktigare ting utover året.

Når det er sagt; to konkurransar for Monika Benserud gjenstår framleis i førehands-gjennomgangen - tresteg og lengde for kvinner, senior.

For å ta det gjævaste først; i tresteg gjer 12,78-hoppet til Monika under Nornalekene henne til ein av gullfavorittane. Med det er ho i praksis oppe på nivå med Oda Utsi Onstad (Tjalve) og Chiamaka Okparaebo (BUL) - høvesvis nr. 2 og 3 i Norge i 2013-sesongen. Til saman 12 utøvarar er påmeldt tresteg.

I lengde er det 17 utøvarar påmeldt. Med fullklaff vil Monika kunna vera medaljekandidat også her, sjølv om det på papiret er sterkare utfordrarar i denne øvinga. Fremst mellom desse er Katarina Mögenburg (Tyrving), Eline Breilid (Kristiansand) og Hedda og Oda Utsi Onstad (Tjalve).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar