tirsdag 4. februar 2014

Kva er det du driv med om dagane du då, Henrik?

Sommarhalvåret har me kontroll med det meste og dei fleste - då møtest me jamleg på Fana Stadion og omland eller på tradisjonstunge stemne rundt om i Norge og gjerne i nabolandet.

Men no på vinteren er det verre. Då møtest nokon her og nokon der. Ein del undrar kva andre driv med, sånn eigentleg, sidan dei ikkje er her, men i staden der. Men så lenge dei no driv med eit kvart, så får ein no ikkje vera så uroa.

Henrik Irgens Gravdal har me no leita litt etter innimellom no i vinter. Me har høyrt rykte om at han ikkje har vore heilt i orden. Me får håpa rykta er litt overdrivne og at Henrik har ein slags kontroll med tinga!

I alle fall var Henrik ein tur på Leirvikjo helga som var. Då slengde han seg - saman med kompis Lars - med på øvingar han normalt ikkje prøver seg på for ofte. Mellom desse var kule (5kg), som ikkje skal nemna noko meir.

60 meter braut Henrik like så godt 8 blank-barriera. Han sprang på 7,98, som er 16 hundredelar raskare enn under Nornalekene i januar.

Så blei det småfine 5,20 i lengde, medan innepersen i høgde blei flytta opp ein heil centimeter frå Romjulsstemnet på Leirvik i 2012 - frå 1,44 til 1,45.

Så no veit me i alle fall litt om kva Henrik driv med om dagane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar