søndag 9. februar 2014

Amund og pingvinane mot nye høgder

Pingvinlekene får stadig fleire deltakarar og startar. The sky is the limit, heiter det på det finare språket, men det spørs om ikkje Leikvanghallen er the limit - det tar til å bli trongt til tider, sjølv om det naturlegvis er triveleg med friidrettsglade både unge og ikkje fullt så unge. Men hallen er bygt (alt) for liten - ingen vidare diskusjon om det.

Det var mange høgdepunkt under Pingvinlekene. Amund Høie Sjursen stod for fleire av dei - og søndag var det han som stod for klubbrekord-bidraget: Med heile 1,96 i høgde sletta han Eirik S. Karstensen sin 13 år gamle U20-rekord i BFG med 6 centimeter. Amund sin gamle pers var frå ute-UM på Lillehammer i september (1,93), medan han inne var over 1,85 under Nornalekene nyleg. (1,96 gir også Amund endå ei øving over/under hovud-NM- kravet.)

Og elles:

60 meter
* Magnus Leikvoll tangerte tida si på 7,84 - frå Romjulsstemnet.

600 meter
* Vegard Albrigtsen debuterte strålande inne på distansen med 1:30,39.

* Stian Øvergaard Aarvik knuste 600-persen sin, då han sprang på 1:30,59. Tidlegare har han 1:33,89 (ute - frå tidleg i 2012).

* Steffen Algrøy Boga har ikkje hatt for vane å springa denne distansen, og eg reigistrerer 1:31,52, som ein flott begynnelse.

* Stian Norheim påstår eg at innedebuterte på distansen med 1:31,99 - vel halvsekundet bak utepersen, sett under Gneistspelen sist august.

* Ein strålande pers blei det på Ingrid Næss Johansen, som sprang heilt ned på 1:43,70. Ho hadde 1:45,01 frå Bamselekene i mars i fjor frå før.

* Ingvild Myking er også mellom dei eg trur innedebuterte søndag på 600 meter. Det gjorde ho i så fall på tida 1:44,08. Utepersen til Ingvild er på 1:40,45 - frå juni i fjor.

* Michelle Floor Heggeland sprang distansen på 1:55,42 - også det skal vera første gongen innandørs (? - ute har ho tida 1:50,21 frå Framolekene i 2012).

Lengde
* Henrik Irgens Gravdal persa vidare - frå 5,20 på Leirvik sist helg (rettnok i låg grop då) - til 5,33 denne gongen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar