fredag 17. januar 2014

Adelskalender, BFG - stav

Me står framfor den første helga med innomhus-stemne i 2014. Det skal me naturlegvis koma rikeleg tilbake til. Som ein del vil ha oppfatta; bloggen held - trass i at den berre er i sin 4. årgang - på med å bli vaksen. Det er vel med bloggeår som hundeår, vil eg tru.

Det inneber at bloggen no er meir oppteken med BFG- og junior-/seniornivået enn med Gneist og jentene og gutane. Besøk hos dei sistnemnde vil det bli, for all del, men den systematiske gjennomgangen på Gneist-nivå er no overleten i dei beste hender til Trond Leikvoll, som ny statistikkførar i Gneist.

Så til dagens tema: stavsprang.

Her er det enkelt å gjera seg ferdig med mennene først. På lista mi finst det berre to namn:

1. Kristian Haga 4,20
2. Martin Halvorsen 3,50

Her er det jo gode voner om fleire namn etter kvart: 12 1/2-åringen Pål Haugen Lillefosse er godt over 3,50 alt, men han er ingen BFG-ar enno, men du verda så høgt det kan vera snakk om når han er der, om eit par sesongar. Eirik Leikvoll var på 3,50 i innesesongen 2012/2013, medan han stoppa på 3,40 ute i fjor. Og inne denne vinteren er Eirik nådd opp til 3,45, så han er første kandidat til å gjera stav-lista til ein pall.

Kvifor er det berre to namn på lista? Jo, fordi mitt grunnlag for desse adelskalender-oversiktene er dei nasjonale Alle tider-statistikkane. Så supplerer eg for harde livet med andre kjelder. Ikkje minst får eg innspel etter at enkeltøvings-oversikter er blitt presenterte her på bloggen. Her kan til dømes vera utøvarar som har representert andre klubbar og hatt betre resultat då, men besteresultatet i BFG-drakt kan likevel fortena plass i ein klubb-adelskalender.

Stav for jenter/kvinner er ei etter måten ny oppfinning. Øvinga kom på OL-programmet i 2000, 104 år etter at den var med for menn under første moderne sommar-OL i 1896.

Dette betyr i alle fall to ting; at nivået nødvendigvis er på veg opp og fram og at det er ein del namn frå dei seinare åra på stav-lista for kvinner. Klubbrekord-innehavaren og dermed den som toppar adelskalenderen i øvinga er framleis vår fremste representant, Marianne Benserud. Ho hoppa 3,31 under UM på Ravnanger i september 2012. Her er også andre temmeleg ferske namn på lista, og dei observante vil sjå at eit av årets ferske BFG- medlemmer, Sanne Myrmel (14 1/2), vil kunna fortena ein plass midt på denne lista - og kanskje vel så det - når 2014-sesongen er over:

1. Marianne Benserud 3,31
2. Ingvild Mundal Andersen 3,07
3. Monika Benserud 2,73
4. Tina Therese Jensen 2,71
5. Siri Aadland 2,70
6. Beate E. Dahle 2,60
7. Synne Våge Opheim 2,41
8. Eirin Lilletvedt 2,32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 2,30
10. Madeleine Viken 2,20


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar