Godt nytt år!
Nokre veteranar har no ved årsskiftet funne det for godt å
skifta beite – og forlata veteran-fellesskapen i BFG Bergen. Forstå det, det er
ikkje lett – men akseptera det, det får me berre gjera.
I 2013 blei bloggen sin Veterankonkurranse heva opp til eit
nytt nivå: Då blei konkurransereglane gjort enklare, men konkurransen også
gjort tøffare. Alle i veteranalder (35+) som har plukka poeng på bane er med.
Dermed blei det også ein ny vinnar – og då ein suveren
vinnar i den framleis særs aktive trenaren, 41-åringen Bjarte Eikanger. Han plukka poeng i til samen seks løpsøvingar og
stoppa ikkje før han hadde fått med seg heile 3672 poeng, der 3000-meteren –
den beste på fleire år – var beste poengøvinga.
2. plassen gjekk til Morten
Seliussen, også det ein ungdom i sitt beste tiår. Morten plukka poeng i fem
øvingar – og stoppa på 2280 poeng.
Petter Rasmussen
tok tidleg leiinga i konkurransen, men måttre til slutt strekka våpen mot
Bjarte og Morten. Også Petter fekk med seg poeng i fem øvingar.
Vidare følgde Geir
Sjursen. Geir har siger frå 2011 og to tredjeplassar (2009 og 2012) å sjå
tilbake på. No – med langt tøffare konkurranse – blei det ein sterk
fjerdeplass.
Nr. 5 blei Robert
Hisdal, medan BFG-leiar Jostein Lie tok
ein fin 6. plass. Jostein var jo vinnaren i fjorårsvarianten etter super
innsats i veteran-NM i Leikvanghallen.
Egil Johan Hessen plukka
poeng i fem øvingar og kom heilt oppe på ein 7. plass i årets konkurranse.
Nr. 8 blei den som har tapt mest på det endra
konkurranseklimaet, nemleg Trond
Leikvoll. Trond har nemleg fått pall-plass alle dei fire første åra: nr. 2
i 2009, nr. 1 i 2010, nr. 3 i 2011 og nr. 2 i 2012. Trond må rett og slett
plussa på ein seks-sju øvingar i 2014, så er han oppe der igjen!
Først på 9. plass finn me første – og einaste på mi liste –
av veteran-avhopparane til Bergen Løpeklubb, nemleg motbakkeløpar og, ved dette høvet, 10.000- meter-
løpar Yngve Kiserud.
Og så finn me Sigve Stenersen nede på 10. plass, etter innsatsen i hopp heilt
utan fart på Ytrebygda skole i februar.
Ein fin gjeng!
Nemnast må også Torun Øvergaard Aarvik på 11. plass,
som då representerer kvinnene her – som vanleg er dei i undertal i denne
konkurransen. Det treng dei sjølvsagt ikkje vera! Etter veteran-NM i fjor
opplevde me Kjersti Ristesund Bjørndal både som norgesmeister og som beste
kvinne på 5. plass i Veterankonkurransen. Og her er fleire som kan koma i 2014,
vil eg tru (?).
Her er pallen sidan oppstarten i
2009:
2009
1. Arne Lillefosse
2. Trond Leikvoll
3. Geir Sjursen
2010
1. Trond Leikvoll
2. Jostein Lie
3. Sigve Stenersen
2011
1. Geir Sjursen
2. Arve Rinde
3. Trond Leikvoll
2012
1. Jostein Lie
2. Trond Leikvoll
3. Geir Sjursen
*
Og – Veterankonkurransen 2014 er i
full gang, naturlegvis! 2013-vinnaren har sprunge seg rett til topps etter
Romjulsstemnet. Der plukka også Egil sine første 2014-poeng.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar