fredag 24. januar 2014

Før inne-NM (I)

Neste helg - den aller første helga i februar - er det inne-NM i Stangehallen. Det er veldig fint av Stangehallen og Hedmark Friidrettskrets å arrangera, naturlegvis, sjølv om ein del vil sakna eit NM i ein av dei splitter nye hallane rundtom. Men det er mange arrangement og avgrensa arrangør-stabar som fort kan slitast ut.

Eit inne-NM er spesielt, sikkert på fleire måtar. Éin viktig måte det er spesielt på er at startlistene er temmeleg tilfeldige - kven som er friske, skadefrie og som vil satsa på eit NM no vinterstid vil variera veldig. Slik sett skil eit inne-NM seg monaleg frå hovud-NM utandørs, som dei fleste har som eit (hovud-) mål for sesongen.

Sjølv om det - av naturlege grunnar - er nokre færre frå BFG Bergen som dreg til inne-NM denne gongen enn det var til Haugesund-NM i fjor, så er det då ein liten gjeng som reiser bort i innlands-kulden neste helg.

Først i denne enkle presentasjonen kjem 1500 meter og 3000 meter for menn - rett og slett dei lengste distansane i inne-NM.

Det er to løparar frå BFG på kvar av distansane - først til 1500 meter:

Her er det 18 påmelde utøvarar. Trass i at arrangementet er på Austlandet er det forventa at det er vestlendingar (i alle fall utøvarar frå Vestlandet) som vil prega distansen. Klar spenning knyter det seg til The Come Back Kid, Thomas Solberg Eide (Gular). Andre sterke namn frå Gular og omland er Vidar Dahle og Erik Hovlandsdal (Norna-Salhus). Espen Roll Karlsen blir forsøksvis rangert som nr. 11, medan førsteårs-senior Erlend Gjerdevik Sørtveit blir plassert i rygg på Espen, som nr. 12.

På 3000 meter er framleis Espen Roll Karlsen med, medan ny makker her er 16-åringen Stian Øvergaard Aarvik, som sette ny innomhus klubbrekord i U23 i BFG sist helg, med 8:42. Dermed kasta Stian seg rundt og ville smi medan vinterformen var der og blei NM-deltakar han også.

Mellom dei heile 27 på startlista er det også her fleire interessante vestlendingar, i Thomas Solberg Eide, Bjørnar Sandnes Lillefosse (Gular), Harald Kårbø (Stord), Tom Erling Kårbø (Stord) og Erik Hovlandsdal. Nemnast må også Helge Langen (Rindal), medan Tjalve stiller med fleire etter måten ubeskrivne blad som likevel kan tenkast å markera seg i feltet.

Våre? Vel, Stian si tid plasserer han oppe rundt midten av lista, på ein 14. plass på førehand. Hamnar han rundt der vil det vera glitrande NM-debut for han. Espen er rangert som nr. 21.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar