lørdag 25. januar 2014

Før inne-NM (II)

Når ein er ung og lovande - som dei fleste av oss er det meste av livet, avhengig av samanhengen - ja, så må ein fokusera og prioritera. Når ungdommane deltar i meisterskap, så er det eitt av to som gjeld: enten har ein realistisk sjanse til medaljar og heider, og då er det berre å satsa alt på eitt kort og prøva få noko gjævt med heim i samlinga. Eller det handlar om å utnytta det at ein er i godt selskap, og så heva seg sjølv nokre hakk i denne gode konkurransen.

Dagens "før inne-NM- øvingar" er av den siste kategorien. Både Erlend Gjerdevik Sørtveit (800 meter, menn senior) og Ingrid Næss Johansen (3000 meter, kvinner senior) har sjansen til å la seg føra med straumen og få seg gode tider og gode opplevingar vidare i vintertreninga.

Først til 800 meter, menn senior:

Her er det etter måten god deltaking, med 22 utøvarar på startstrek. Utøvarar under 1:50 frå før vil venteleg kjempa om medaljane: Roald Hagbart Frøskeland (Steinkjer), Emil Oustad (Ren-Eng), Andreas Roth (Ullensaker/Kisa) - og så finst det to "dark horses" i Thomas Solberg Eide (Gular) og Yeimer Lopez Garcia (Norna-Salhus) - sistnemnde med store merittar frå tidlegare. Men formen akkurat no er det vanskeleg å spå om for dei fleste.

Kva så med Erlend? Jo da, han har jo ein serie med 800-resultat like i overkant av 2 blank. Hans stadige mål er å få sjå 1-talet først på distansen - og kvifor ikkje i Stangehallen? Utepersen er på 2:00,29, medan inne har Erlend 2:02,97 frå UM i Steinkjer i fjor.

Så til 3000 meter, kvinner senior:

Her er feltet monaleg større og sterkare enn under same meisterskapet i Haugesund i fjor. 15 utøvarar står på lista. Mellom dei er svært sterke namn som Silje Fjørtoft (Vidar), Kristine Eikrem Engeset (Vidar) og Live Solheimdal (Steinkjer). Også Tessa den Heijer (Ren-Eng) og evigunge Vigdis Bringedal Holst (Skjalg) bør nemnast. Fjorårs-firar Ingrid Næss Johansen sprang på 11:04 i Leikvanghallen under Nornalekene, har 10:54 innomhus (frå nettopp inne-NM i Haugesund) og 10:49 utandørs. Det er utgangspunktet når det skal jaktast på betre tider i Stangehallen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar