Det er fest i Gneist Friidrett fredag - grautfest - og det er det all grunn til. 2013-sesongen er tidenes beste Gneist-sesong for barn og ungdom - målt etter resultata i Lagserien. Og då ha me ikkje gløymt alle andre bragder dette året, toppa av å bli beste klubb i UM på Lillehammer.
"Vi må da gjøre noe rett", er Gneist-folkets smålåtne eigenvurdering.
"Sjølvskryt skal ein lytta til, for det kjem frå hjartet" - er eitt av mine motto.
2. november presenterte eg prognosen for årets lagserie i Hordaland. Den var optimstisk på Gneist sine vegne, men resultata viser at den kan henda ikkje var optimistisk nok (!):
JENTER
1. laget:
Prognose: nr. 1 i Hordaland (Elitedivisjonen)
Resultat: nr. 1 i Hordaland (Elitedivisjonen)
2. laget:
Prognose: nr. 1 i 1. divisjon (opprykk)
Resultat: nr. 2 i 1. divisjon (opprykk)
3. laget:
Prognose: nr. 5 i 1. divisjon
Resultat: nr. 6 i 1. divisjon
4. laget:
Prognose: nr. 3 i 2. divisjon
Resultat: nr. 5 i 2. divisjon
GUTAR
1. laget:
Prognose: nr. 1 i Hordaland (Elitedivisjonen)
Resultat: nr. 1 i Hordaland (Elitedivisjonen)
2. laget:
Prognose: nr. 5 i Elitedivisjonen
Resultat: nr. 4 i Elitedivisjonen
3. laget:
Prognose: nr. 3. 1. divisjon
Resultat: nr. 2 i 1. divisjon (opprykk)
4. laget:
Prognose: nr. 2 i 2. divisjon (opprykk)
Resultat: nr. 2 i 2. divisjon (opprykk)
** Spesielt på gutesida er dominansen frå Gneist formidabel:
- poengplukkarane for dei til saman 60 resultata til Elitelaget fekk over 1.000 poeng i gjennomsnitt
- avstanden til lag nr. 2 - Fana - er på over 5.000 poeng
- Gneist får som første klubb i historia tre lag i Eliten i 2014
- I tillegg har jentene også to lag i Eliten, slik at 5 av 8 Gneist-lag er på aller øvste trinnet i 2014.
Dette blir det litt av ein jobb å halda ved like. Me får satsa på at ein i Gneist klarer å halda fram med å gjera "noko" rett...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar