torsdag 19. desember 2013

Adelskalender, BFG - tresteg

I ledige stunder og medan me ventar på live action - frå Leikvanghallen og andre stader - så skal det presenterast adelskalender i BFG.

Bakgrunnsinformasjon er henta frå forbundets Alle tider-statistikk.

Oversikten er besteresultata for ulike utøvarar i ulike øvingar - altså har éin utøvar berre med eitt resultat i oversikten, sjølv om vedkomande utøvar har prestert mange gode resultat i ei aktuell øving.

Heilt utan nokon som helst forklaring startar me med tresteg i dag, der det er den gamle Gneist-ar, som har vore både i USA, i Norna-Salhus og som frå 1. januar skal representera Fana IL, Amalie Tefre Skage, som har klubbrekorden og som dermed toppar oversikten for kvinner, men berre få centimeter framfor Monika Benserud:

1. Amalie Tefre Skage 12,34 (2007)
2. Monika Benserud 12,27 (2013)
3. Benedikte Liland 12,20 (2004)
4. Camilla Dahle 11,67 (1998)
5. Sandra Tennøy 11,56 (2005)
6. Linn Oppedal Strann 11,31 (2002)
7. Hilde Hovlandsdal 11,14 (2004)
8. Gry Magnussen 11,11 (1992)
9. Eline Bruce 11,05 (2011)
10. Madeleine Viken 10,98 (2007)

For menn er lista midre omfattande, basert på Alle tider-oversikten. Her krev det meir å koma inn og tresteg har ikkje vore ei dominerande øving for menn i BFG. Følgjande tre utøvarar finst på mi liste - alle frå godt tilbake i tid:

1. Roar Haugland 15,57 (1988)
2. Erlend Gjøen 14,36 (1989)
3. Eola Kuild 14,16 (1989)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar