søndag 8. desember 2013

Lagserien: Jentene sitt 4. lag: nr. 5 i 2. divisjon

Det er alt markert og feira at Gneist vann Lagserien i Hordaland både for jenter og gutar i 2013 - som dei gjorde det i 2012.

Tradisjonen tru siterer Bloggen seg sjølv når den skal forklara kva denne "Lagserien" eigentleg er for noko:

Friidrett er - med eit par-tre småunntak - ein individuell idrett. Når så sesongen er slutt gjer ein den likevel om med eit lagfokus. Me snakkar i denne samaheng om Hordaland Friidrettskrets. For 10- 19 år skjer dette slik:

Dei beste resultata etter Tyrvingtabellen for kvar enkelt utøvar gjeld. Det vil altså seia at ein utøvar berre kan ha eitt resultat med i ei enkeltøving, men kan vera representert med ei rekkje ulike øvingar.

Kvar klubb kan melda på fleire lag i serien. Dei individuelle resultata blir omgjort til del av eit lag. Ein har på førehand bestemt kor mange resultat som tel i kvar øvingsgrein (løp/hekk/hopp/kast) i kvar divisjon. Dei enkelte laga har si plassering i divisjonar basert på fjorårsresultat.

Fristen for innsending av serieresultat er 20. oktober. Så tar det ein del veker deretter før resultata blir offentlegjort.

Elitedivisjonen har åtte lag, 1. til 4. divisjon har ti lag. (Resten, under der, er i 5. divisjon.)



Gneist har altså (...) åtte lag - fire for jenter og fire for gutar.

Jentene sitt 4. lag hamna på 5. plass i 2. divisjon - akkurat same plassen som i 2012.

I 2. divisjon tel følgjande resultat med: 30 noteringar totalt, 12 løp/gang, 2 hekk, 10 hopp og 6 kast.

I 2013 kom dette laget såpass høgt som det gjorde, sjølv heilt utan resultat i hekk eller i kast...

Og følgjande Gneist-utøvarar plukka poeng for 4. laget i 2013:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Sara Tyssebotn Berg
* Louise Dowsett
* Elina Drivenes
* Ingvild S. Gytri
* Michelle Floor Heggeland
* Thyra Hevrøy
* Pia Hovland
* Marte Haaland
* Madeleine Kroondijk
* Renate Lie
* Lea Låstad
* Ida Michelsen
* Pernille Michelsen
* Eline Myking
* Silje Stenersen
* Nora Øvergaard Aarvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar