mandag 16. desember 2013

Jentene sitt 1. lag: Best i Hordaland (igjen)

I dag er Idrettslaget Gneist 68 år, så då passar det godt å ha kome fram til det eine av våre vinnarlag i Lagserien:

Gneist vann altså Lagserien for jentene i 2013. Sigeren var noko meir solid dette året enn den var i 2012, då også jentene vann. Og medan Bergens Turn er nemnt som ein tett konkurrent på jentesida heile vegen, så var det Norna-Salhus som kom nærmast Gneist, godt og vel 1000 poeng bak. Bergens Turn sitt 1. lag var nøyaktig 400 poeng bak der igjen, på 3. plassen. Og alle dei som kom "topp 3" hadde høgare poengscore enn det Gneist hadde som vinnarlag i 2012 - så her er nivået i toppen heva.

I jentene sin Elitedivisjon er det 50 resultat totalt som gjeld. Desse skal vera fordelt slik: 20 løp/gang, 5 hekk, 15 hopp og 10 kast.

Og desse Gneist-jentene plukka poeng for 1. laget i 2013:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Vilde Lund Bjørnsen
* Miriam Donovan
* Anna Evensen
* Katrine Holm Gjeraker
* Ingvild S. Gytri
* Charlotte Harris
* Una Haukanes
* Thyra Hevrøy
* Renate Lie
* Maren Haugen Lillefosse
* Eline Myking
* Sanne Myrmel
* Nora Møllerup
* Sidsel Møllerup
* Anna Serine Røssland
* Silje Stenersen
* Emma Dahl Sørbo
* Emma A. Voldsund
* Nora Øvergaard Aarvik


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar