lørdag 7. desember 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013

Midt i den kortvarige desember-vinteren blei det skipa til grautfest på Ytrebygda skole fredagskvelden.

Då blei også Årets mest framgangsrike i Gneist kåra for 4. året. No seier statuttane for denne prisen at den går til utøvarar som ikkje er medlem av 1000 poengs-klubben. Og i den klubben er det i 2013 heile 25 utøvarar med.

Men nokre verdige kandidatar var det i høg grad likevel.

På jentesida var det 12 år gamle Sara Tyssebotn Berg som blei peika på - med framgangen frå 2:11,87 til 2:01,34 på 600 meter. Sara har også gjort fleire gode karusell-løp. Ho sprang 5 km på 24.37 i 2012 og på 22.33 i 2013.

Desse fire har vunne prisen for jenter sidan 2010:

2010: Vilde Omholt
2011: Silje Stenersen
2012: Pia Hovland
2013: Sara Tyssebotn Berg

For gutane var det svært vanskeleg å koma utanom Jens Larsen Åstveit - triatleten som spring for Gneist og BFG Bergen når han berre spring. I 2013 plukka han med seg persar over ein låg sko. Som god trialet har Jens også teke til å springa lengre baneløp enn tidlegare - han starta jo friidrettskarriera si som sprintar i si tid. I 2012 registrerte me ein 600 meter på 1:38,19 som lengste baneløpet, medan han i 2013 fekk med seg følgjande serie:

600 meter: 1:27,94
800 meter: 2:03,98
1500 meter: 4:22,58
3000 meter: 9:19,51
1500 meter hinder: 4:42,46

Desse fire har vunne prisen for gutar sidan 2010:

2010: Stian Norheim
2011: Eirik Leikvoll
2012: Emil Engelsen Holm
2013: Jens Larsen Åstveit


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar