tirsdag 10. desember 2013

Jentene sitt 3. lag: Nr. 6 i 1. divisjon

Me er komne fram til jentene sitt 3. lag i denne gjennomgangen av Lagserien for gutar og jenter i Hordaland 2013.

3. laget klarte seg så vidt i 1. divisjon (nest øvste nivået) i 2012, då det blei 8. plass. I 2013 har laget såleis klatra to plassar opp og var på relativt grei avstand til nedrykk.

4. laget - omtalt for to dagar sidan - mangla heile åtte noteringar på dei 30 som det skulle ha i 2. divisjon. 3. laget manglar nokre færre - tre resultat manglar på dei 40 som er det totale talet på noteringar i 1. divisjon. Medan det var hekk og kast som mangla for 4. laget, så er det berre i kast-øvingar det manglar resultat for 3. laget.

Elles gjeld følgjande for jentene sin 1. divisjon: 15 løp/gang, 3 hekk, 12 hopp, 10 kast.

Desse Gneist-utøvarane har plukka poeng for jentene sitt 3. lag i 2013:

* Monika Benserud
* Vilde Lund Bjørnsen
* Ida Bruvik
* Elina Drivenes
* Anna Evensen
* Anna Rønhovde Flatabø
* Katrine Holm Gjeraker
* Ingvild S. Gytri
* Charlotte Harris
* Michelle Floor Heggeland
* Thyra Hevrøy
* Ingrid Næss Johansen
* Madeleine Kroondijk
* Maren Haugen Lillefosse
* Lea Låstad
* Sanne Myrmel
* Sidsel Møllerup
* Anna Serine Røssland
* Linn Seliussen
* Silje Stenersen
* Ingeborg Strandenes
* Emma Dahl Sørbo
* Emma A. Voldsund
* Nora Øvergaard Aarvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar