torsdag 12. desember 2013

Jentene sitt 2. lag: nr. 2 i 1. divisjon

Ja da, det var samme overskrifta i går - "nr. 2 i divisjon", men då var det 3. laget til gutane om fekk den plassen og rykka opp i Eliten.

For jentene er det altså 2. laget som i år har rykka opp i Eliten, slik at det blir to elitelag for Gneist-jentene i 2014. 2. laget blei nr. 4 i 1. divisjon i fjor, så dette var ein solid opptur - bokstavleg talt.

Det er verdt å nemna - i all ståheien rundt Gneist sine prestasjonar - at Bergens Turnforening siglar i solid medvind (også). Det var 2. laget til Bergens Turnforening som gjekk heilt til topps i 1. divisjon - framfor Gneist sitt 2. lag. Både 3. og 4. laget til Turnforeningen er eit lite hakk framfor Gneist sine 3. og 4. lag. Ja, det er faktisk berre heilt i toppen - for 1. laga - at Gneist er betre. Det kjem me tilbake til, naturlegvis.

I jentene sin 1. divisjon gjeld det 40 noteringar totalt - og 2. laget har 40 noteringar (i motsetnad til 3. laget i 1. divisjon, som berre hadde 37). Vidare gjeld 15 løp/gang-, 3 hekk-, 12 hopp- og 10 kast-resultat.

Følgjande Gneist-utøvarar plukka poeng for jentene sitt 2. lag i 2013:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Vilde Lund Bjørnsen
* Victoria Ringkjøb Bruun
* Ida Bruvik
* Louise Dowsett
* Elina Drivenes
* Anna Evensen
* Linnea Hamre
* Charlotte Harris
* Una Haukanes
* Michelle Floor Heggeland
* Ariel Hjelle
* Ingrid Næss Johansen
* Renate Lie
* Maren Haugen Lillefosse
* Lea Låstad
* Pernille Michelsen
* Eline Myking
* Maren Kathinka Myrmel
* Sanne Myrmel
* Amalie Ellingsen Nyheim
* Ingrid Helene Nyhus
* Jenny Rajkumar
* Anna Serine Røssland
* Silje Stenersen
* Mille Sofie Stenhaug
* Emma Dahl Sørbo
* Emma A. Voldsund
* Nora Øvergaard Aarvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar