torsdag 26. desember 2013

Adelskalender, BFG - 300 meter (Blogg-innlegg nr. 900)

Frå kastøvingar - der ein må leita særs godt etter BFG-representantar i den historiske statistikken, så bevegar me oss over til løp - til den ikkje heilt kurante distansen 300 meter.

Den er likevel ikkje mindre kurant enn at det er oppnådd rikeleg med gode tider, både for kvinner og menn, opp gjennom åra:

KVINNER

Her er det sprint-dronninga i BFG-historien, Mona Karin Riisnes, som toppar oversikten, som klubbrekordhaldar, men ho har Vilde Lund Bjørnsen nærmast, med si supertid frå Världsungdomsspelen i Göteborg som 15-åring. Også Renate Lie og Martine Eikemo Borge finst på 10 på topp-lista av dagens BFG-aktive:

1. Mona Karin Riisnes 39,00 (1994)
2. Vilde Lund Bjørnsen 39,77 (2011)
3. Anne Skudal Dolvik 40,07 (2011)
4. Renate Lie 40,47 (2013)
5. Martine Eikemo Borge 41,48 (2008)
6. Christine Bjelland Jensen 42,07 (2011)
7. Helene Risti Bergaas 42,83 (2003)
8. Synne Dragesund Rørvik 42,98 (2004)
9. Iren Vevatne Isaksen 43,07 (2008)
10. Lise R. Hovlandsdal 43,67 (2001)

MENN

300 meter har ikkje vore noko sterk øving på herresida dei aller seinaste åra. Klubbrekorden til Jens Storhaug er tilbake frå 1996 og ingen av dagens BFG-aktive er inne mellom dei øvste på lista. Her er topp 10:

1. Jens Storhaug 35,39 (1996)
2. Kenneth Nielsen 35,63 (1995)
3. Bjørn Soltvedt 35,89 (1997)
4. Christian Hille 36,0 (1991)
5. Kjetil Bakketun 36,33 (1993)
6. Espen Liland 36,48 (2005)
7. Marius Benserud 36,59 (2005)
8. Raimond Blakstad 36,5 (1989)
9. Thor Gjesdal 36,64 (1992)
10. Jørn Birknes 36,68 (1992)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar