mandag 30. desember 2013

Adelskalender, BFG - 200 meter hekk

Framifrå gjennomgang av resultat frå BFG sitt romjulsstemne finst i Trond Leikvoll sin gjennomgang på Gneist sine nettsider.

Eit blikk frå denne bloggen kjem når resultata er endelege og offisielle.

Til så lenge vandrar me vidare i BFG sin adelskalender og har i dag falle ned på den ikkje heilt kurante senior-øvinga 200 meter hekk. Men innimellom blir den konkurrert i, og den spelar gjerne også ei rolle på slutten av sesongar - når lagseriepoeng skal plussast på.

kvinnesida har eg spadd fram åtte namn på lista, der Anne Beth Espetvedt toppar, som klubbrekordhaldar, og der Iren Vevatne Isaksen er den som er nærmast dagens BFG-aktive:

1. Anne Beth Espetvedt 27,69
2. Kjersti Ristesund 27,82
3. Anne Skudal Dolvik 29,82
4. Anne Karin Skutle Lyngbø 30,25
5. Benedikte Liland 30,41
6. Iren Vevatne Isaksen 31,14
7. Hilde Hovlandsdal 31,25
8. Linn Oppedal Strann 31,87

For menn er det Kjetil Espetvedt som har sterkast tid:

1. Kjetil Espetvedt 24,7
2. Thor Gjesdal 24,9 og 25,20
3. Roar Haugland 25,24
4. Morten Benserud 25,42
5. Erlend Gjøen 25,50
6. Marius Benserud 25,99

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar