fredag 5. juli 2013

Ut i det Fri

Onsdag kveld arrangerte IL Fri seriestemne i den fine parken sin, Arna idrettspark. Rett som det er når det finst slike stemne i nærområdet - seriestemne eller karusell - så stiller BFG Bergen med ein god gjeng, då gjerne på same distanse.

Det var også tilfellet onsdag. I utgangspunktet hadde eit par av utøvarane tenkt å vera med på kvalifiseringsforsøk til NM på 10.000m, som var annonsert av arrangøren. Men så forsvann både arrangøren sin håpefulle og haren ut på førehand, så då blei det ingen deltkarar på 10.000.

I staden stilte heile 12 (!) utøvarar frå BFG opp på 1500 meter.

Espen Roll Karlsen persa frå 4.11 til 4:04,71 og vann heile distansen. Med det blei Espen kvalifisert nr. 28 til årets junior-NM. Espen (22) stiller i U23-klassen i Overhalla i august.

Anders Bjørndal (G18) held fram med å betra seg, sjølv om det ikkje var det store pers-jafset denne gongen. Likevel, ny bestetid for Anders på 1500 er 4:14,52 (912 tyrvingpoeng).

Aleksander Lie (G17) sprang ein habil 1500 meter og kom i mål på 4:26,32 (857 poeng).

Og så blei det sesongbeste også på Linn Seliussen (J15) på 5:13,04 (837 poeng).

Så blir det spennande å sjå kva for eit lokalt stemne "BFG-toget" set kursen for neste gong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar