fredag 26. juli 2013

Før junior-NM - I

Om høgsommaren syng på siste verset eller om den i alle fall har eit refreng til på lur, det veit eg ikkje. Eg veit berre at eg framleis sveittar her eg sit. I følgje verspåfolket skal det bli ein del regn her vestpå utover i veka, medan det i Nord-Trøndelag derimot held fram med skikkeleg varm sommar. Meldingane fortel om rundt 25 grader under junior-NM i Overhalla, som startar fredag om ei veke. Det er godt me er blitt vane med slikt den siste veka.

BFG-troppen som reiser til midt-Norge er ein av dei største til eit junior-NM på ein god del år. Aller først ut i presentasjonen denne gongen er Monika Benserud, som mellom anna stiller i lengde. Der er det 21 deltakarar. Monika har ikkje vore heilt topp så langt i øvinga i år, men ho har vist evna til å finna toppformen i meisterskap før. På førehand er ho rangert som nr. 8 med sitt årsbeste på 5,30 - og dermed er det kamp om finaleplass som er eit rimeleg utgangspunkt. Dei tre sterkaste på startlista er Nadia Akpana Assa (BUL - storfavoritt), Caroline Fleischer (Ski) og Sofie Olsholt (Tyrving).

100 meter for kvinner har BFG Bergen 3 jenter mellom dei totalt 39 på startlista. Også her er det Monika Benserud som er aller fremste håpet, men Elise Una Mikkelsen og Sara Berrefjord sine tider er rett bak Monika si. Medaljefavorittane er Astrid Mangen Cederkvist (Vidar), Christine Bjelland Jensen (Gular) og Nadia Akpana Assa (BUL), medan våre er rangert som nr. 10 (Monika), 12 (Elise) og 14 (Sara) på førehand.

På same distansen, 100 meter, for menn er me komne til vårt aller fremste medaljehåp i dagens bunke, nemleg Ukraina-farar (U18-VM), Amund Høie Sjursen. Vona er at Amund har brukt sommaren til å finna tilbake til formen som skaffa han deltaking i VM. Tida hans, 10,89, er den 4. beste i feltet på heile 49 deltakarar. Og den er tett bak dei tre framfor han; Jonas Halonen (Tyrving, 10,77), Henrik Overvåg (Dimna, 10,84) og Even Meinseth (Sørild, 10,88).

Til sist i dag er det påmeldt tre deltakarar på 800 meter for menn. Her er det heile 38 påmeldt øvinga. Det blir ikkje 38 som stiller, vil eg tru. På mellomdistansane er det ein del som vurderer endeleg øvingsutval heilt fram til start. Henrik Irgens Gravdal - førsteårsjunioren vår - har best tid av våre (1:57,85) i år og er rangert som nr. 16, medan Erlend Gjerdevik Sørtveit (nr. 31) og Anders Strømblad Hansen (nr. 37) må finna seg i å stilla bak i køen på denne distansen. For Erlend må fremste målet må vera å endeleg koma seg under 2 blank på distansen! (Han har i skrivande stund 2:00,29)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar