mandag 8. juli 2013

Ei vanleg helg i Hardanger

Eg var rettnok berre til stades søndagen av årets Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm - men det var nok til å få god farge i nakken (...) av sola. Med eitt og anna unntak - dei finst naturlegvis alltid - så blir festivalen i Hardanger avvikla i godt sommarver. Det skjedde i alle fall i år. Til å vera ferietid var det også ein god del deltakarar, også frå Gneist og BFG.

Håvard Rinde (G12) hoppa over 10-meteren i tresteg - 10,01 - og oppnådde med det 991 tyrvingpoeng. I høgde blei det 1,32 på Håvard (874 poeng), i tillegg til at han sprang 100 meter på 14,23. Fin helg for den mellomste bukken Rinde.

Det blei det også på ein annan med forbokstav H - nemleg Herman Ellingsen (G11), som ikkje minst syner fram sitt hopp-talent. Også Herman kom seg over 1,32 i høgde (958 poeng). I tillegg blei det 8,57 (937 poeng) i tresteg. Nøyaktig same poengsummen fekk han for 60 meter-løpet sitt på 9,03.

Endå ein H - Henrik Almenningen (G16) - jaktar junior-NM- kravet i tresteg. Det er på 12,70. Og nøyaktig fire veker før arrangementet i Overhalla var Henrik fattige fem centimeter frå å klara kravet. 12,65 er verdt fine 935 tyrvingpoeng - til trøyst. Henrik fekk om lag same tala på 100 meter: 12,67 blei tida der (835 poeng).

Andreas Iden (G18) er på gang. Både på 5000 meter i Gøteborg sist helg og under søndagens 3000 meter i Strandebarm var Andreas med det meste av løpet, men han har ikkje gira til å vera med når den avgjerande delen startar. Konkurransepausen i sommar kan ikkje gjera anna enn godt. 9:11,39 er likevel solid årsbeste av Andreas (942 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J14) fekk notert seg ein 100 meter i godkjent vind denne gongen. Tida blei 13,76 (894 poeng).

Ein av årets kometar, litt bak dei aller beste, er 15-åringen Vegard Albrigtsen. Lørdag persa han solid på 800 meter til 2:12,65 (844 poeng) - berre litt over halvsekundet bak UM-kravet, men det har han jo alt klart på 2000 meter.

Mathias Algrøy (G11) hoppa 3,73 (836 poeng) i lengde, og presterte med det å persa i god motvind (-2,1).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar