tirsdag 16. juli 2013

Rindevåg

Eit lyst hovud ute på Osterøy kom på at det var litt dumt å ha karusell der eine dagen (29.7), så karusell i regi av Norna-Salhus andre dagen (30.7), før ein god del lokale utøvarar reiser til junior-NM i Nord-Trøndelag fjerde dagen (1.8).

Difor (?) blei den oppsette Osterøy-karusellen 29. juli flytta til gårsdagen, 15. juli. Etter rapportane å døma var det brukbare forhold for opptil fleire øvingar.

BFG Bergen sende ein delegasjon som fordelte seg på 800 og 1500 meter. Der blei det ei grei konkurransetreningsøkt (...) midt i oppkøyringa til seinsommarens og haustens meisterskap.

Stadion på Osterøy ligg på Hatland, men det får vera måte på kor lokale ein skal vera, så me - det vil seia eg - held oss (altså meg) til Lonevåg.

Og det var brørne Håvard (12) og Sondre Rinde (15) som presterte for statistikken mandag kveld:

Sondre betra seg til 14,67 på 100 meter hekk (91,4). Det er ei betring på tre hundredelar (1036 poeng), medan Håvard noterte seg for 33,37 på 200 meter hekk (68), noko som er verdt fine 965 tyrvingpoeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar