søndag 28. juli 2013

Før junior-NM - III

Eg likar no å sjekka vermeldinga før ungdommane skal ut for å konkurrera og eg skal ut for å sjå på. Vil det vera vindfullt? Blir eg våt? Blir sola for trykkande, osb.? Det er i slike situasjonar eg oppdagar at yr.no sitt tidagarsvarsel er det eg vil kalla ein tilsynelatande service, altså noko som er ein service utan å vera det.

Då tidagarsvarselet for Overhalla nådde fram til neste helg for tre dagar sidan, så fortalde det om 24-26 grader og sol/skya. Eit glimrande varsel for tilskodarane på junior-NM, kanskje noko i varmaste laget for (i alle fall ein del av) utøvarane.

No, tre dagar seinare, så har dei 24-26 gradene blitt til 15-17 grader og godt med regn.

Vel, vel, følg med, følg med - og solkrem og regnkler skal i bagasjen.

Til dagens øvingar:

Det finst to klassar i junior-NM: Den klart største er den "vanlege" juniorklassen, nemleg U20, altså "under 20 år". Men i tillegg så finst det ein U23-klasse, for dei frå og med 20 år og til og med 22. Dei to første øvingane i dagens gjennomgang er i U23-klassen for menn, først 800 meter: Her er Jørgen Austvik påmeldt, saman med 11 andre utøvarar. Og her må nok Jørgen finna seg i å vera rangert som 12. mann. Som me veit frå Brann Stadion så har den 12. mann ein viktig jobb den og, og Jørgen sin hovudjobb må vera å kjempa seg under 2 blank-grensa! I feltet er det elles fullt av medaljevinnarar frå senior-NM, her er deltakarar frå både junior-og senior-EM. Så mange som seks namn bør nemnast i medaljekampen: Thomas Roth (Ullensaker/Kisa), Filip Ingebrigtsen (Sandnes), Elias Ottosen (Ullensaker/Kisa), Sindre Løchting (Orion), Håkon Mushom (Vidar) og Andreas Roth (Ullensaker/Kisa).

Noko betre rangert er Jørgen på 1500 meter, der det er 15 mann på startlista. Her er Jørgen nr. 10 på førehand og også her er det jakta på ei grense som bør vera hovudmålet hans. Med 4:00,93 som pers er det openbart kva for grense det gjeld. Filip Ingebrigtsen - med 3:38 frå lørdagskvelden i Belgia - er favoritten, med Vegard Ølstad (Ren-Eng), Thomas Roth og Sindre Løchting bakom der. Også 1500 i U23 byr med andre ord på eit knallsterkt felt. Også Espen Roll Karlsen deltar i BFG-drakt på 1500 meter. Han er 12. rangert med si 4:04-tid i år.

110 meter hekk (me er no tilbake til U20) stiller Sondre Rinde mellom dei totalt 13 utøvarane. Dette er eit spennande prosjekt. Sondre er ein svært lovande hekkeløpar, men han har aldri sprunge 110 meter hekk og han har heller ikkje sprunge med 100cm-hekkar. Det er eit par andre utøvarar som er i same båten her, så me dristar oss til å 11. rangera Sondre. Favoritt er mangekamp-verdensmesteren i U18, Karsten Warholm (Dimna), medan Hallbjørn Hasund Thorseth (Dimna også han) og Rasmus Stene (Tjalve) synest sterkast bak der.

Sondre stiller også i lengde, der han jaktar på 6 meters-merket. Det er 14 utøvarar påmeldt. Ein av dei er Amund Høie Sjursen, som eg i skrivande stund er svært usikker på om når Overhalla-turen. Amund ville vore ein klar medaljekandidat, der nemnde Karsten Warholm er favoritt, framfor Ingar Kiplesund (Trondheim). Også Marius Bull Hjeltnes (Gular) må reknast med.

Så er me komne fram til første BFG-favoritten: Tittelforsvarar i tresteg for kvinner er Monika Benserud, og ho må fnna seg i å vera favoritt framfor årets meisterskap. Det er 12 påmelde utøvarar og Monika må ha fullklaff også dette året for å gå heilt til topps. Hardast imot blir Sofie Olsholt (Tyrving) og Karoline Klemp Petersen (BUL).

Til sist i dag skal det berre nemnast at BFG også stiller med lag på 1000 meter stafett i U20 for kvinner. I fjor var det i U23 ein stilte lag, då med Martine Eikemo Borge som sterk ankerkvinne. Eg har ikkje oversikt over påmelde lag her, men BFG-laget bør uansett kunna bita godt frå seg - og på papiret er det også ein viss kamp om plassane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar