mandag 29. juli 2013

Før junior-NM - Stafett-Xtra

I eit tidlegare blogginnlegg fortalde eg kort at BFG Bergen stiller lag på 1000 meter stafett i Kvinner under 20-klassen. Det fanst berre to lag på den førebelse lista og dermed var det uråd å seia noko om sjansane. No ligg den offisielle startlista føre. Også den er overraskande kort når det gjeld deltakartal i denne stafetten: 7 lag er påmeldt, der to klubbar stiller med to lag kvar (Selsbakk og Tyrving).

No veit eg framleis ingenting om kven som stiller for dei påmelde laga, men legg me grunn til sprintresultata frå inneverande sesong, så vågar eg å utropa BFG til gullfavorittar i øvinga. Det får jentene tåla.

Nærmaste utfordrarar til BFG er Urædd og Tyrving. Mellom desse laga er det svært tett - dersom me legg til grunn til at alle får stilla med sine sterkaste kort.

Deretter rangerer eg Tyrving sitt 2. lag, Ullensaker/Kisa og dei to (ikkje heilt, men, men) "heimelaga" Selsbakk 1 og Selsbakk 2.

Sjølvsagt er det slik at stafett er stafett, men at konkurransane skal avviklast først er jo eit allment poeng.

Eitt sentralt spørsmål er om alle utøvarane er friske og raske når me kjem til avslutninga søndag, for det er då stafettane blir avvikla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar