lørdag 27. juli 2013

Før junior-NM - II

Ein av dei omtalte i gårsdagens blogginnlegg, Amund Høie Sjursen, har dessverre pådrege seg ein skade. Omfang og alvor er i skrivande stund usikkert, men noko kjekt er det naturlegvis ikkje.

Med voner om færrast muleg skadar og best muleg form, så held eg fram med presentasjonen av utøvarar og øvingar før neste helgs junior-NM i Overhalla, Nord-Trøndelag - der dei framleis lovar knallsommar det meste av helga.

200 meter for kvinner junior er det 34 påmelde utøvarar - 3 av dei spring i BFG-drakt. Vilde Lund Bjørnsen er best rangert, som nr. 15 basert på årets tid, men Vilde har på sitt beste vesentleg meir inne. Sara Berrefjord er i stadig framgang og er rangert like bak Vilde, som nr. 16, medan Elise Una Mikkelsen er nr. 28 på førehand. Favorittane er Christine Bjelland Jensen (Gular), Astrid Mangen Cederkvist (Vidar) og Madelen Andersen (Fredrikstad).

Så er me komne til to distansar som involverer ein kollega i bloggarfellesskapet her i kjellaren i Søvikheia. Den første er 2000 meter hinder for menn junior. Dette er jo svært vanskeleg å vurdera; dei færraste har hindertider, berre to av utøvarane har hindertid frå i år. Til saman 11 utøvarar står på startlista. Soleklar favoritt er i alle fall Erik Udø Pedersen frå Holum IL. Bak der skal Ole Martin Røssland kunna vera med og kjempa om medalje, men her er fleire utfordrarar, mellom dei Gustav Iden (Norna-Salhus), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Sigurd Mjøen (Vollan).

5000 meter, menn junior, stiller også Andreas Iden, i tillegg til Ole Martin. (Og Stian Norheim gjer eit forsøk på å kvalifisera seg til distansen under Norna-karusellen komande tirsdag!) Her er det heile 21 påmelde utøvarar. Og feltet har svært god kvalitet. Her er det to klare favorittar i Magnus Sirnes Hjellum frå Haugesund og Jørgen Frost Bø frå Ullensaker/Kisa. Kampen om plassane bak der er temmeleg open, sjølv om fjorårsvinnar Kristian Tjørnhom (Kristiansand) må reknast med her. Basert på årets tider blir Ole Martin rangert som nr. 10 og Andreas som nr. 14.

Til slutt i dag til eit endå større "startfelt", nemleg til dei 28 utøvarane på kvinnenes 400 meter. Her er det ein del vatn mellom båtane mellom dei beste og frå medaljekandidatane og nedover. Vilde Svortevik (Gular) er favoritt, framfor Emily Norum (Steinkjer) og Christine Bjelland Jensen (Gular), med årets komet Sara Dorthea Jensen frå Bryne tett på der igjen. Heilt oppe som 5. rangert finn me så Renate Lie, førsteårsjunioren, men her er det eit stykke til dei framfor. Vilde Lund Bjørnsen finn me som 13. rangert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar