tirsdag 30. juli 2013

Før junior-NM - V

Då har eg eit lite oppsamlingsheat liggande på pulten min, før helgas junior-NM - der det no stort sett skal bli kraftig varmt og fint...

Ein av dei ferskaste junior-NM- klare i BFG er Magnus Leikvoll, som klarte kravet på 1,83 i høgde under KM på Fana Stadion 9. juni. Det er 8 deltakarar i høgdekonkurransen og også her er det Karsten Warholm (Dimna) som er favoritt. Warholm blei som kjent verdsmeister (i mangekamp), medan ein europameister, Eirik Greibrokk Dolve (Fri), truleg blir hardast imot, saman med Martin Fagelund (Sturla). Magnus er rangert som nr. 6.

8 deltakarar er det også i tresteg-konkurransen. Også her er vår deltakarar, Sondre Rinde, rangert som nr. 6 og også her er det Karsten Warholm som er favoritt... Erik Lund (Brandbu), Marius Bull Hjeltnes (Gular) og Ingar Kiplesund (Trondheim) er andre gode namn. Sondre kan jakta på 13 meters grensa.

Så til eit par øvingar der Karsten Warholm ikkje er favoritten:

På 3000 meter for kvinner er Ingrid Næss Johansen BFG-deltakaren. Her er det ikkje mange påmelde, men dei er sterke dei som stiller. Kristine Helle (Tjalve), Aurora Selstad Dybedokken (Tyrving) og Ida Melli Narbuvoll (Ren-Eng) er alle løparar under 10 blank. Ingrid er rangert som nr. 7 av dei 7 på startstrek, men kan jakta på god tid i dette feltet.

Til sist, 2000 meter hinder for jenter, der 3 av 7 på startlista representerer BFG Bergen, i tillegg til ei som sikkert burde gjort det. Aurora Selstad Dybedokken (Tyrving) er favoritt dersom ho stiller, medan Kristine Helle (Tjalve) og Mari Aarskog Nesse (Stord) er neste på mi liste. Anna Serine Røssland - fjorårstoaren - - er utfordrar til medalje, medan Eline Myking og Ingrid Næss Johansen blir rangert som nr. 6 og 7.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar