fredag 5. juli 2013

Tyrvingtabellen - ei repetisjonsøving

Det er sommar - det er tid for reprisar:


Tyrvingtabellen

Eg veit det, det er lett å ta ting for gitt når ein står midt oppe i det. I det sivile hender det at eg underviserer i journalistikk. Eg har mellom anna forska på ei kriminalsak som i alle fall ein del vil hugsa som "Orderudsaka". Her eit semester oppdaga eg at studentane såg på meg med spørsmålsteikn i ansikta då eg nemnde "Orderudsaka". Dei var nett begynt i småskulen då drapa på Orderud gård skjedde og - heldigvis! - var dei interesserte i heilt andre ting enn VG-framsider den gongen. Dei hadde altså ikkje noko forhold til det som eg tok for gitt.

I friidretten er "Tyrvingtabellen" ein slik ta-for-gitt-  størrelse. Alle på innsida snakkar om "Tyrvingtabellen" som om alle og ein kvar veit kva dette er. Det er truleg å ta for hardt i.

Tyrvingtabellen er, enkelt sagt, ein måte å rekna om resultat til poengsummar for utøvarar i alderen 10 til 19 år. Alder er ein særs viktig faktor. Same poengsum i same øving som 12-åring og som 17-åring skal, i teorien, tilseia same prestasjon.

1000 poeng er tabellens utgangspunkt for ein framifrå prestasjon. I praksis betyr det at tabell-makarane har bestemt seg for kva som er eit kjemperesultat i ei øving i ein aldersklasse og sagt at det gir 1000 poeng. Så blir eit system av ulike faktorar sett inn for å rekna ut poenga for prestasjonar under og over denne 1000 poeng-grensa.

Tabellens namn kjem frå største friidrettsklubben i landet, IL Tyrving i Bærum, som har fått æra for å finna på tabellen i si tid. Den har kanskje vore i bruk i større grad tidlegare, men er særs aktuell i sambad med lagserieresultata. I tillegg blir den lagt til grunn for alle bestemannspremieringar på stemne rundt om.

Tabellen blei siste gong revidert våren 2013, då med endringar i vekt på kastreiskap for eit par aldersklassar.
Tal og fakta om tabellen finst her:

Tyrvingtabellen 2013

(Og trippeldrapet på Orderud gård skjede i pinsa i 1999...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar