torsdag 18. oktober 2012

Historietime: UM 2003

Sting - den særeigne artisten frå Newcastle, England - skreiv ein gong for lenge sidan ein song med tittelen History Will Teach Us Nothing. Og svært ofte forstår eg kva han kunne ha sikta til.

Men likevel; om me ikkje lærer stort, så kan det no vera underhaldande med historiske dykk i arkivet.

Ideen fekk eg frå Torstein, som fann oppslag om Håvard Hasås sine bravadar under UM på Bislett i 2002 her. Då blei altså Håvard dobbeltvinnar - 800m og 2000m i G15. Han var del av den førre "Gneist-bølgja". No er me jo som kjent inne i ei ny.

I 2013 skal Overhalla i Nord-Trøndelag arrangera junior-NM. Ti år tidlegare, i 2003, var klubben arrangør for UM.

Og det var Gneist-utøvarar som markerte seg også der:

Anne Dolvik (J15) kom til semifinalen både på 100 meter og 200 meter. Mest interessant: På 100 meter blei ho nr. 5 i den andre semifinalen på 13,19. Nr. 6 i den første semifinalen blei ei jente som heiter Ezinne Okparaebo. Tida hennar: 13,51...

Benedikte Liland (J16) hadde også eit fint UM. Eg har kome til at det blei fire medaljar på ho. I tresteg, lengde og kule hadde ho tett konkurranse av ei Ida Marcussen. Benedikte var sterkaste i tresteg, der ho blei ungdomsmeister, medan ho var hakket bakk i lengde (bronse) og kule (bronse). På 80 meter hekk tok Benedikte sølv på 12,14. Vinnar her: Christina Vukicevic frå Ski IL. Ho sette meisterskapsrekord på 11,51.

Hilde Hovlandsdal (J16) vann høgde ganske greitt på 1,71. Nr. 2 blei Øyunn Grindem frå Sandvin på 1,66. Grindem er også nr. 2 på årets norgesstatistikk med 1,88 (men no representerer ho Tjalve).

Morten Benserud (G17/18) blei hekkemeister både på 100 meter og 300 meter hekk. I tillegg blei det bronse på 400 meter flatt.

Og så var Gneist ein kasteklubb så seint som i 2003. Steffen Nerdal (G17/18) blei ungdomsmeister både i slegge, kule og diskos. I slegge kasta han så langt som 60,51. I tillegg tok Andreas Eeg bronse både i slegge og diskos.

Helene Bergsås (J16) vann sølv på 800 meter, godt framfor Silje Fjørtoft, som framleis er ein framragande hinderløpar.

... Men noko av det mest slåande er skogen av fullstendig ukjente namn, som dominerte listene under UM 2003 (og 2001, for den del). Sjølv om her er nemnt Okparaebo, Vukicevic og Ida Marcussen, så er det nok av i dag fullstendig ukjente namn mellom medaljevinnarane.

Dei færraste blir stjerner. Det fortel meg at me som er leiarar eller trenarar for ungdommane må syta for at ungdommane har det kjekt medan me har dei med oss mellom dei utøvande.

2 kommentarer:

  1. Dette var moro lesning, men mine dobbelgull kom i 2002 og 2004.

    Håvard

    SvarSlett