fredag 19. oktober 2012

215 kroner

Skal me sjå... kva får ein for 215 kroner i ein relevant butikk i dag, tru?

Eg prøver Löplabbet, det er jo ikkje heilt urimeleg når ein driv med friidrett:

Løpssko haust 2012: Nei, billegaste alternativet er 1000 kroner akkurat.

Løpesko som ikkje er nyaste modell då: Nei, me er nærmare, men 550 kroner er billegast.

Og for den som trudde at det er billegare å gå enn å springa, så får ein tru om att: Billegaste gåskoa går for (...) 1100 kroner.

MEN, når me kjem til kler er det håp! Me kan få to og eit halvt (...) par "...tynne løpesokkar i teknisk materiale, som passar både til trening og konkurransar". Det er jo bra. Me kan til og med få eitt par med varme sokkar i ull "...med god svettetransport..." Nyttig det.

Og det kjem meir: Heile fire refleksvestar, som både er praktiske og som kan brukast til mørkespringing eller  -sykling. Flott! Eller eit stk blinkelys til trening i mørke.

MEN det blir ingen kompresjonsprodukt (billegaste er 400 kroner), inga pulsklokke (sjølv om me kan få råd til lommer og haldarar til sykkel for pulsklokker, men utan det som skulle vera oppi lommene og haldarane, så er det vel ingen vits vel?)

I sportsnæringsavdelinga kan ein likevel boltra seg: Heile 7 stk "Sportsbar til bruk etter trening eller som mellommåltid"! (No må ein jo rettnok springa berrføtt, sidan ein ikkje har råd til sko.)

Og sportsnæring kjem godt med når ein må klara seg utan løpesekk/drikkesystem (billegast 370 kroner).

Så er det muleg å få ein god del relevant "tilbehør", men som likevel fort blir irrelevant: ein har til dømes råd til piggar, men ikkje til piggsko.

Så det blir ikkje stort...

Kvifor alt dette maset om 215 kroner?

Jo, skattelistene blei lagt fram i dag. Ingen kan unngå å få det med seg, dersom ein har eit minimum av mediebruk.

Og kven hadde ei inntekt på 215 kroner sist inntektsår? Jo, årets europameister, norgesrekordsetjar og femtemann i OL, Henrik Ingebrigtsen. Til gjengjeld tente den store fotballstjerna Kai-Ove Stokkeland i følgje       Aftenposten på nett 466.833 kroner.

Ein blir ikkje så flink til å springa av det, men for 149 kroner kan ein få seg Thor Gotaas si gode verdshistorie om springing, "Løping".

Det er no noko det og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar