fredag 5. oktober 2012

Martine Eikemo Borge - flaggskipet

Bergens Tidende prøvde i går, 4. oktober, å informera folket om at det skjer noko rundt BFG. Det hadde jo vore kjekkare om dei var ivrigare på å gjera det når det skjedde sportslege bragder, naturlegvis, men ein kan ikkje forventa journalistiske under slik til kvardags.

Det finst så mykje ein blir freista til å svara på når Fana IL Friidrett set i gang med sine argument for å gå ut av samarbeidet i BFG. På den andre sida er det mykje i kvaliteten på denne argumentasjonen som det ikkje er verd å gå nærmare inn på. 

På eitt punkt må det i alle fall vera muleg å reagera - det at BFG ikkje får fram toppidrettsutøvarar. Det er beviseleg feil, det er oppvisning av manglande kunnskap og det er på grensa til ein hån mot BFG sitt flaggskip, Martine Eikemo Borge.

Martine har hatt ein flott 2012-sesong. Ho kom frå USA med fleire sterke resultat, ikkje minst innomhus, og følgte godt opp i heimlandet: I Sigdal sikra seg ho sine to siste junior-NM- gull i juli (400 og 800, i tillegg til sølv på stafetten), før dette blei toppa med senior-NM- gull i Kristiansand på 800m - og sølv på 400 og på 1000 meter stafett. Men alt før desse meisterskapa blei Martine teken ut på det norske landslaget til EM i Helsingfors, der ho sprang på laget i 4 x 400 meter stafett.

Og tidene? På 800 meter er Martine komen ned på 2:06,54 - og er i stadig framgang. I år var ho nr. 2 i Norge, berre bak ei viss Ingvild Måkestad Bovim. På 400 meter er tida 54,05 den 15. beste tida i landet gjennom alle tider og den tredje beste i Hordaland. Og Martine har vel ingen planar om å stoppa der?

Martine er 22 år gammal. Bak henne følgjer det ein haug med ungdommar i BFG-systemet, der ein fin bunke skal koma til å følgja i fotefara hennar. Ein begynnelse var Monika Benserud si deltaking under Nordisk meisterskap for juniorar i svenske Växjö i august, med fine plasseringar i lengde og tresteg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar