onsdag 3. oktober 2012

Årets mest framgangsrike - heilt på tampen

Me har nominert kandidatar til "Årets mest framgangsrike" i Gneist gjennom heile sesongen, ja frå og med innesesongen starta før jul i 2011. Det har vore ein sterk sesong og mange sterke resultat. Me har ein del toppar som klarer å gjenskapa - eller til og med betra - topp-prestasjonar år etter år. Og så har me dei som kjem sigande bakifrå.

Tittelen "Årets mest framgangsrike" blei innstifta i Gneist første gongen for året 2010. Då var det Vilde Omholt (jenter) og Stian Norheim (gutar) som fekk utmerkinga. I fjor, i 2011, var det Silje Stenersen (jenter) og Eirik Leikvoll (gutar) som følgde opp.

Avsløringa av årets vinnar kjem ikkje før under grautfesten, når det nærmar seg jul. Eg minnar berre om "statuttane": Utøvarar som er blitt medlem av 1000 poengs-klubben i løpet av året er ikkje kandidatar. Det skal også svært mykje til å vinna prisen fleire gongar (sjølv om det ikkje er umuleg).

Etter at grov-vurderingane er unnagjort står me igjen med 9 jenter og 15 gutar. Finvurderinga er altså ferdig om lag når grauten er servert...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar