lørdag 20. oktober 2012

Donald Duck vs. Tyrving

I eit par-tre sesongar har Donald Duck Games vore arrangert på Bislett i samband med Bislett Games. (For utanforståande; dette er idrettsarrangement i Norge, trass i alle "games-a".) I gamle dagar var det noko som heitte Donald Duck-lekene, så då anda inviterte til friidrettsstemne på nytt - denne gongen altså på engelsk - så var det altså eit slags come back (tilbakekome).

Konseptet har for det første vore at det er for ungar frå ti til og med 13 år. For det andre har det vore lagt til helga like i etterkant av diamantliga-stemnet på Bislett. Det har jo være gjævt for ungane. Tilbake i 2008, då underteikna debuterte som forelder på Tyrvinglekene, så var det desse leikane som var same helga som Bislett Games. Då blei det arrangert stafett-finalar, i tillegg til inviterete 800 meterar for ungdom, på Bislett fredagskvelden. (Det var ein bukett Gneist-jenter som markerte seg sterkt og som fekk springa på Bislett før karrieren skaut fart for opptil fleire av dei.)

Kva som skjer i framtida, nei det... I alle fall er det slik at Tyrvinglekene sommaren 2013 går 14. - 16. juni (den helga Norges største stemne har gått dei siste åra), medan Bislett Games er sett opp torsdag 13. juni - altså dagen før.

Om Donald Duck må bita i graset denne gongen, slik han vel har for vane å gjera i teikneserien, det gjenstår å sjå. Alternativet er at det blir tøff konkurranse mellom Donald og onkel Skrue/Tyrving. I tillegg er det jo eit spørsmål om det i staden kan bli eit slags come back (tilbakekome) for Tyrving/Bislett Games-samarbeidet?...

Kvakk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar